Vald: Ein politipatrulje på Stord måtte natt til søndag rykka ut til ein utestad i Leirvik sentrum for å roa ned eit slagsmål mellom to menn i 20-åra. Foto: Illustrasjonsfoto

Vald på utestad

Måtte sjekka vonde ribbein på legevakta.

To menn i 20-åra hamna i krangel på ein utestad i Leirvik sentrum natt til søndag.

Den eine parten skal ha blitt slått av den andre. Fornærma skal ha kjend på smerter i ribbeina, og drege av garde til legevakta for eigen maskin.

Den påståtte gjerningsmannen blei vist bort frå sentrum.

– Det blei ikkje oppretta sak på forholdet i natt, men det er ikkje umogeleg at det vil skje i ettertid, opplyser vaktsjef Herman Emil Eileraas ved Haugesund politistasjon.

Politiet fekk melding om hendinga i 02-tida.