Det er venta kraftig vind på Vestlandet måndag. Vinden skal minka måndag kveld. Biletet er frå uvêret «Tor» for nokre år sidan. Illustrasjonsfoto: Marius Knutsen Foto: Marius Knutsen

Varslar kraftige vindkast

Det bles godt i Sør-Norge måndag. Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel.

– Østafjells kan det komma vindkast på omkring 19 meter per sekund, mens Vestland fylke lokalt kan få vindkast på 27-35 meter per sekund, melder Meteorologisk institutt på Twitter.

Vinden skal minka måndag kveld. Også for Møre og Romsdal er det sendt ut gult farevarsel for kraftig vind, som tyder moderat fare. Der er det lokalt venta vindkast på 25-30 m/s.

Tidlegare i dag skreiv Sunnhordland at fleire fjellovergangar i Sør-Norge er stengt på grunn av uvêr. Måndag har meteorologane elles framleis ute gult farevarsel for snøfokk som gjeld fjella i Sør-Norge.

– Snøvêr og sterk vind gjev dårleg sikt. Sjekk vegmeldingar på 175.no og gjeldande farevarslar på yr.no/farevarsel, melder dei.

I tillegg er det sendt ut gult farevarsel for jordskred, som gjeld for Vestland fylke og deler av Rogaland, på grunn av mykje nedbør måndag. Vinden og nedbøren vil ifølgje Meteorologisk institutt halda fram dei neste dagane, før det er varsla sol i store deler av landet på onsdag. Temperaturane skal halda seg på plussida i sør.

Les også
Fleire fjellovergangar i Sør-Norge stengde på grunn av uvêr