På onsdag er det venta svært høg vasstand i Vestland og fleire andre fylke. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

Varslar svært høg vasstand

Fylkesmannen ved beredskapsseksjonen har sendt ut varsel om svært høg vasstand for Vestland onsdag.

Meteorologisk institutt har nemleg sendt ut oransje varsel for strekninga Åna Sira til Stad.

– Onsdag er det venta svært høg vasstand, estimert til 65-80 cm over høgda oppgjeve i tidevasstabellane. Vasstanden er venta å vera på det høgste natt til onsdag mellom klokka 01 og 03 og onsdag ettermiddag mellom klokka 13 og 15, heiter det på varsom.no.

På nettsida kan ein finna meir informasjon og oppdatering. Meir informasjon om tidvatn og vasstand finn du elles på sehavniva.no.

– Den høge vasstanden er ein kombinasjon av høgt tidvatn og oppstuving av vatn som følgje av vind mot kysten, skriv beredskapsseksjonen hos Fylkesmannen.