Ein taubåt måtte komma då ferja M/F "Vikingen" fekk problem søndag ettermiddag. Ferja er no på veg mot Skjersholmane.
Ein taubåt måtte komma då ferja M/F "Vikingen" fekk problem søndag ettermiddag. Ferja er no på veg mot Skjersholmane. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Vart slept inn til Skjersholmane

Ferja M/F «Vikingen» fekk problem søndag. Måtte ha assistanse frå taubåt.

Ferja M/F «Vikingen» som går i ruta mellom Skjersholmane og Ranavik, fekk problem med motorane søndag ettermiddag. Ho låg og rek utanføre Eldøyane ei stund, før ho fekk hjelp av taubåt.

Ved 15.15-tida var ho slept inn til Skjersholmane.

– Dei fekk mange alarmar på hovudmotoren, og for å unngå å øydeleggja så skrudde dei av, seier Inge Andre Utåker, regionssjef i Norled til Sunnhordland.

Han fortel at vêrtilhøva var gunstige, og at dei difor valde å stengja framdrifta. Han har ikkje oversikt over kor mange som er om bord.

– Det er ikkje noko dramatikk i situasjonen, og ferja vil verta teken til land slik at me kan få av passasjerane og bilane, seier han. 

Utåker seier vidare til Sunnhordland at det førebels berre er drift i B-ruta mellom Skjersholmane og Ranavik. 

- Men me har M/F "Hardingen" liggjande på Sunde, så me reknar me at ruta kan vera i full drift igjen om ikkje så altfor lenge.  Me sender ut melding så snart sambandet er oppe og går igjen som normalt, seier han.

Følg skipstrafikken på Sunnhordland