AKSJON: Stord lensmannskontor aksjonerte mot ei adresse i Leirvik sentrum torsdag etter meldingar om trugsmål med våpen. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Vart truga med våpen i Leirvik

Politiet væpna seg og rykte ut.

Torsdag ettermiddag i 16-tida rykte politiet ut til ei adresse i Leirvik sentrum etter meldingar om at ein mann hadde blitt truga med våpen.

– Han som vart truga forsvann frå staden, medan politiet rykte ut, seier operasjonsleiar Kurt Løklingholm i Sør-Vest Politidistrikt.

– Dei involverte er kjenningar av politiet, og det har vore ein krangel mellom dei, etter det me veit, seier Løklingholm.

Etter at Stord lensmannskontor var ferdig på staden i 17.30-tida, melder politiet på Twitter at det ikkje er nokon som ønskjer å melda forholdet til politiet. Politiet opprettar likevel sak på trusselen, og dei har beslaglagt eit gassvåpen som vart funnen på bakken.