Vestlandet er utsett for jordras og flaumskred. Her frå E39 på Mehammar i 2009.
Vestlandet er utsett for jordras og flaumskred. Her frå E39 på Mehammar i 2009. Foto: Marius Knutsen

Ventar 50-80 mm nedbør på eitt døgn

I store delar av landet kan det komma mykje snø i fjellet dei neste dagane. På Vestlandet er det varsla jord- og flaumskredfare som følgje av kraftig regnvêr.

Det blir venta mykje snø i fjellet i Sør-Noreg frå torsdag kveld, medan det kan komma snø frå 500 til 800 meters høgde i både Trøndelag, Nordland og Troms fredag.

Meteorologane har sendt ut gult farevarsel.

På Vestlandet fører kraftige byer til jord- og flaumskredfare. Faren aukar frå torsdag ettermiddag i Hordaland, Sogn og Fjordane og delar av Møre og Romsdal.

Det er venta opp mot 50 til 80 millimeter nedbør på eitt døgn. Lokalt kan det komma mellom 30 og 50 millimeter regn på seks timar.

– Grunnvasstanden og vassmetningsgraden i bakken er somme stader høg, åtvarar NVE på varslingstenesta varsam.no.

NVE har sendt ut gult farevarsel.

Dagens kleskode på#Vestlandet er regnjakke og gummistøvler 🥼🌧️ Det blir regn og regnbyger, og det kan komme 30 til 50 millimeter i løpet av dagen. Det kan komme noe#Østafjells også, men her er det heller snakk om fem til ti millimeter i løpet av dagen 🌂pic.twitter.com/8QB5iZozR7

— Meteorologene (@Meteorologene)11. september 2019

Det er sendt ut gult farevarsel om mye snø i fjellene i#SørNorge fra torsdag kveld ⚠️❄️ Bruk riktige dekk og kjør etter forholdene!pic.twitter.com/Gv4t0CRoiG

— Meteorologene (@Meteorologene)10. september 2019