Det er sendt ut gult farevarsel om både regn og vind i helga. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

Ventar mykje regn og kraftige vindkast

I helga er det venta mykje nedbør i Sunnhordland.

Meteorologisk institutt melder på Twitter at det frå laurdag ettermiddag til søndag ettermiddag er venta mykje nedbør i Sunnhordland, Hardanger, Rogaland og Vest-Agder.

– Det er no sendt ut gult farevarsel for regn og det er venta rundt 60-80 millimeter på 12 timar, skriv dei.

Les også
Så sterk kan vinden bli før bruene stengjer

I tillegg er det sendt ut gult farevarsel, som tyder moderat fare, for kraftige vindkast. Varselet gjeld for Vestlandet sør for Stad.

– Det ventast sørvestleg vind med lokalt kraftige vindkast på 25-35 m/s, står det i varselet på yr.no.

Meteorologisk institutt anbefaler folk å sikra lause gjenstandar, unngå unødvendig ferdsel på utsette stader og følgja råd og sjekka status frå ulike transportaktørar.