Opna brua: Stordabrua var stengd i fleire timar på grunn av ulukka torsdag morgon. Foto: Statens vegvesen webkamera

Stordabrua open for trafikk

Rett etter klokka 13.30 opna E39 over Stordabrua.

Brua mellom Føyno og Stord har vore stengt i fleire timar etter dødsulukka torsdag morgon.

Éin person omkom då varebilen vedkommande og ein medpassasjer sat i, vart treft av ein gjenstand som bles av eit passerande vogntog. Ifølgje politiet er passasjeren frakta til sjukehus, tilsynelatande uskadd, men prega av hendinga.

Les også
Snakkar med vitne etter dødsulukka på E39
Trafikkaos: Det var lange køar etter dødsulukka på Stordabrua. Her frå Heiane i 13-tida torsdag. Foto: Magne Kydland