Eitt ventilasjonsanlegg på Stord sjukehus fekk problem i dag.
Eitt ventilasjonsanlegg på Stord sjukehus fekk problem i dag. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Ventilasjonsanlegg på sjukehuset fekk trøbbel i varmen

– Ingen fare, forsikrar driftsansvarleg på Stord sjukehus.

Laurdag ettermiddag fekk Sunnhordland-redaksjonen inn eit tips om at «ventilasjonspumpa på Stord Sjukehus har kollapset. Dei prøver i herdig med å få den starta.»

Med den kolossale varmen me opplever dei siste dagane, med temperaturar godt over 30 grader er det ikkje rart at meldinga vekkjer bekymring. Me ringde difor til klinikkdirektør Reidun Rasmussen Mjør, som igjen bad oss ta kontakt med driftsansvarleg Robert Holmstrøm.

Han bekreftar at eit ventilasjonsanlegg har fått trøbbel i varmen, men understrekar at situasjonen er under kontroll og at det på inga måte er kritisk.

– Eit av sjukehusets 28 ventilasjonsanlegg har fått problem, og me jobbar me saka, seier Holmstrøm.

– Me har ikkje oppretta krisestab, og alt står bra til med pasientar og tilsette etter det eg kjenner til, held han fram.

Holmstrøm fortel at sjukehuset har backupsystem som tek over dersom sjukehuset får problem med eit ventilasjonsanlegg. Sjukehuset har også evakueringsrutinar, til dømes andre rom, eller andre stader som er kjøligare dersom dette skulle vera naudsynt.

Men kor heitt var det eigentleg på Stord laurdag?Stord lufthamn registrerte ein makstemperatur på heile 30,9 grader i skuggen laurdag ettermiddag.

Les også: Men det er framleis kaldt i sjøen