Foto: Henrik Mundal Andreassen

VG: Sikta i Tengs-saka sjekka ut av valdtektssak på Stord

Har sjekka sikta mann i 50-åra opp mot 22 år gammal uløyst straffesak på Stord.

Sørvest politidistrikt har fått fleire tips etter arrestasjonen i Birgitte Tengs-saka. Eitt av tipsa politiet har fått informasjon om er knytt til ei valdtektssak på Stord i 1999.

No opplyser politiet overfor VG at mannen som er sikta for drapet på Birgitte Tengs, og mistenkt for drapet på Tina Jørgensen, er sjekka ut av saka på Stord.

– Politiet har gjort naudsynte undersøkingar - og ser ingen samanheng mellom den saka og dei sakene me etterforskar no. Me har sjekka den sikta ut av den saka, seier politiadvokat Fredrik Martin Soma i Sørvest politidistrikt til VG.

Les også
Politiet undersøkjer Tengs-sikta i samband med straffesak på Stord