Fredag vart det opna konkurs i selskapet Twts AS, som driv Sorada i Fengselet. Stord kommune og skatteoppkrevjar Wigdis Sagvåg (t.v.) har uteståande om lag 360.000 kroner i skatt. I midten tingrettsdommar Frank Schmidt, og til høgre Tony Sorada.
Fredag vart det opna konkurs i selskapet Twts AS, som driv Sorada i Fengselet. Stord kommune og skatteoppkrevjar Wigdis Sagvåg (t.v.) har uteståande om lag 360.000 kroner i skatt. I midten tingrettsdommar Frank Schmidt, og til høgre Tony Sorada. Foto: Olav Røli

Vil driva vidare trass konkurs

Drifta av thai-resturantanten i Fengselet held fram, trass i at dei er slege konkurs, seier Tony Sorada. Eigaren har flytta drifta til anna selskap.

Fredag føremiddag var det behandling av konkurskrav mot selskapet Twts AS i Sunnhordland tingrett. Der vart det opplyst av skatteoppkrevjaren i Stord kommune at dei er skulda om lag 360.000 kroner i skatt. Pengane er ikkje-innbetalt forskotsskatt, og arbeidsgjevaravgift.

Under møtet kom det fram at selskapet ikkje hadde eigedelar av betydning, og berre 3.000 kroner i bankinnskot. Likevel var Tony Sorada, som er styreleiar i selskapet, oppteken av at han ville gjera opp for seg.

Tilbakebetaling

Han meinte at restauranten i Fengselet, etter at Skrivarvegen var opna igjen, hadde mogelegheiter for større inntening enn dei hadde hatt. Dessutan gav opp han at han ikkje hadde hatt oversikt over løningane og drifta før han sjølv tok over kontrollen i mars i år, då den tidlegare daglege leiaren slutta.

– Eg har kontakta kommunen og spurt om ein avtale om tilbakebetaling, men det har dei ikkje vore interessert i, sa Sorada, som opphavleg er frå Finland.

– Det har me ikkje høve til å gjera, var svaret frå Wigdis Sagvåg, som var til stades frå Stord kommune.

Tony Sorada skal framleis driva Sorada-restaurant i Fengselet. Det skjer gjennom selskapet 7heaven AS.
Tony Sorada skal framleis driva Sorada-restaurant i Fengselet. Det skjer gjennom selskapet 7heaven AS. Foto: Olav Røli

Vanskeleg i Norge

Tony Sorada gav tydeleg uttrykk for at han meinte det burde ha vore ein mogelegheit for å få gjort opp for seg, før selskapet vart slegen konkurs.

– Det einaste svaret eg har fått frå kommunen og kemneren er konkurs, konkurs, konkurs. I andre land, som Finland, er det mykje lettare å få gjort opp før det går til konkurs, seier han.

Under møtet var det også tilløp til amper stemning mellom Sorada og kemneren.

– Ja, du kan smila du. Men business er business, og Moses er Moses, sa Sorada til Sagvåg, som sat tvers over bordet før han.

Driv vidare

Etter møtet tok Frank Schmidt opp saka til behandling, og seinare fredag ettermiddag vart selskapet slege konkurs.

Dette påverkar uansett ikkje drifta av restauranten i Fengselet.

– Drifta er no teke over av selskapet 7heaven AS. Det skjedde før konkursmøtet, seier Sorada.

I retten kom det fram at dette selskapet no har teke over husleigeforpliktingane i Fengselet, og at Twts ikkje lenger er leigetakar.

– Me skal halda ope vidare framover, understrekar Sorada.

Bakgrunn: Pengetrøbbel for restauranten i Fengselet

Twts AS skal også, ifølgje Sorada, ha eit avgrensa varelager. Men dei har gjeld til andre leverandørar.

– Det vil vera feil av meg å opplysa om storleiken på denne gjelda her i retten, av di eg rett og slett ikkje har detaljert oversikt, sa Sorada.

Bustyrar i saka er advokat Lodve Martin Kvamme, og skiftesamling er sett til 21. september.