HURTIGTEST: Stord kommune ønskjer framleis at folk gjev beskjed om positive koronatestar. Illustrasjonsfoto: Ingvild Siglen Berger

Vil framleis ha testsvar

Får du to strekar på koronatesten? Stord kommune vil ha beskjed.

Dei siste vekene har det vore mykje fokus på vanleg influensa og mindre på korona. Men det betyr ikkje at ein har slutta å registera tilfella.

– Stord kommune treng framleis din hjelp til å halda ei oversikt over talet på positive koronasmitta, skriv kommunen på heimesida si.

Tala vert rapportert til Statsforvaltaren og deretter til nasjonal oversikt.

Fredag viste oversikta til Folkehelseinstituttet at det gjennom pandemien i Norge er registrert 1.422.579 koronatilfelle. 12.017 personar har hamna på sjukehus, og 1.918 på intensiven. I alt er det i Norge 2.871 som har mista livet med korona.

Les også
Korona herja med helsa deira: Slik trena dei seg opp igjen