Nye berekningar viser at Hordfast-prosjektet kan komma til å gje verdiskapingsgevinst på 3,5 milliardar kroner i løpet av dei første 40 åra i drift.
Nye berekningar viser at Hordfast-prosjektet kan komma til å gje verdiskapingsgevinst på 3,5 milliardar kroner i løpet av dei første 40 åra i drift. Foto: Illustrasjon

– Vil gje verdiskaping verdt 3,5 milliardar kroner

Ferske berekningar viser at vegprosjektet Hordfast kan bli lønsamt.

– Den planlagde utbygginga av E39 mellom Os og Stord vil ikkje berre halvera reisetida mellom Bergen og Haugesund. Ferske berekningar viser at prosjektet også vil bli samfunnsøkonomisk lønsamt, det trass i den kostbare brua over Bjørnafjorden, skriv Peter Aalen, seniorøkonom og prosjektleiar i Menon Economics.

Ifølgje estimatet til Menon Economics vil Hordfast-prosjektet gje ein verdiskapingsgevinst på 3,5 milliardar kroner for heile landet.

Les også:– Kvar er Hordfast-engasjementet?

– Nesten halvparten av dei positive ringverknadene kjem truleg til å komma andre delar av landet enn der sjølve Hordfast-strekninga går, til gode, skriv Aalen.

Dei 3,5 milliardar kronene er venta å komma inn i løpet av vegen sine første førti år.

Les også:Vegvesenet ønskjer midtre kryssing

Dei nye berekningane kjem til å bli presentert fredag, under ein konferanse om Hordfast, Rogfast og E134 i Tysvær. stormøte knytt til vegprosjektet i Tysvær.