Tor Andre Ljosland, Vestland KrF.
Tor Andre Ljosland, Vestland KrF. Foto: Bård Inge Sørfonn

Vil ha snøggbåt til Fitjar

Hadde fylkespolitikar på besøk.

Fredag var fylkespolitikar Tor Andre Ljosland frå Vestland KrF på besøk i Fitjar, der blant anna bedriftsbesøk hjå Engevik og Tislevoll, Engesund fiskeoppdrett og Fitjar vgs. stod på programmet. Det vart også tid til informasjon om Kråko hytteområde.

Eitt av temaa som kom opp var at ein bør jobba for å få snøggbåtstopp i Fitjar. Fleire uttalte seg positivt om dette, blant anna Lars Heine Kåsa i Engesund fiskeoppdrett som kunne fortelja at det då ville opna seg ein heilt ny marknad for dei, ved at ein kan få folk frå bergensområdet til visningsanlegget ved Dyrholmen.

– Ljosland lova å ta med seg innspela vidare, skriv Bård Inge Sørfonn i Fitjar KrF i ein e-post.