annonse

Vil satsa tungt på havvind

FLEIRE ANBOD
FLEIRE ANBOD: Kværner ASA har levert anbod på fleire vindkraftprosjekt, og skal levera fleire i tida som kjem. (Foto: OLAV RØLI/ARKIV)
NØGD
NØGD: Konsernsjef Karl-Petter Løken er nøgd med resultata i konsernet. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ARKIV)

Kværner-sjef Karl Petter Løken kan leggja bak seg eit solid første halvår 2019. Og no vil dei vinna fleire havvind-kontraktar.

Olav Røli

Fredag morgon kom Kværner ASA med sine tal for første halvår 2019. Og tala syner optimisme og vekst, i alle fall i både resultat og omsetnad.

EBIDTA-resultatet, eller driftsresultatet, var i 2. kvartal 2019 på 132 millionar kroner, mot 118 millionar kroner i same periode i fjor. Driftsmarginen var 6,9 prosent, som er opp frå 6,4 prosent i tilsvarande periode i 2018, heiter det i ei pressemelding. Samstundes så går det føre seg eit stort anbodsarbeid, både innan olje- og gassprosjekt, og for oppdrag mot til dømes offshore vindkraft.

Som venta

– Me opplever at Kværner sin emne til å levera føreseielege resultat er noko mange kundar set pris på. Me er nøgde med at me for 33. kvartal på rad leverer eit resultat som me har førespegla marknaden. Me held oppe forventingane til 2019, med inntekter på året for over 8 milliardar. Me held også fast vårt mål om å auka omsetnaden til over 10 milliardar innan 2023, frå dryge 7 milliardar i 2018, seier Karl-Petter Løken, konsernsjef i Kværner ASA, i pressmeldinga.

Hittil i år, med både første og andre kvartal, har verksemda omsett for 4,067 milliardar kroner, og resultatet er på 269 millionar. I same periode i fjor var omsetnaden 3,7 milliardar, og med eit resultat på 323 millionar.

Les også: Skal demontera Statfjord A

NØGD
NØGD: Konsernsjef Karl-Petter Løken er nøgd med resultata i konsernet. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ARKIV

Havvind

Kværner ASA har ingen renteberande gjeld, og har kontantar og bankinnskot på 2,7 milliardar. Ordrereserven er no 9 milliardar, etter å ha vorte tildelt arbeid for om lag 732 millionar i siste periode.

Les også: Kværner-sjefen heier på det grøne skiftet

– Ordrereserven vår er god, og alle prosjekt har framdrift etter planen. Som me sa ved starten av 2019, ventar me at fleire prosjekt vil passera viktige milepålar i løpet av hausten. Me antar at nokre få kontraktar, av varierande storleik, kan verta tildelt i andre halvår, men at dei fleste store prosjekta vert tildelt i 2020 og 2021. Me er difor i gang med å posisjonera oss for fleire av desse mogelegheitene. Eit døme er at me berre i løpet av siste halvåret har utarbeidd fleire anbod på viktige offshore vindkraftprosjekt, og me har fleire prosjekt der me skal laga anbod i tida som kjem, seier Løken vidare i pressemeldinga.

Torbjørn Andersen, kommunikasjonssjef i Kværner, seier til Sunnhordland at dei har levert fleire tilbod både nasjonalt og internasjonalt. Dei vil ikkje talfesta omfanget, anna enn at det er fleire.
– Kværner er einaste leverandør i verda som kan levera både vindplattformer som står på havbotn, og som flyt. Og me kan levera understell i både stål og betong, for både konverter-plattformer og for plattformer som ber ein vindturbin, seier han. 

Styret i Kværner ASA foreslår ikkje utbyte no.

Kværner-aksjen har gått opp og ned det siste halvåret, og var nede i 11,68 kroner i januar. Torsdag ettermiddag vart han omsett for 14,17 kroner per aksje.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut