Oscar Ingebrigtsen er uroa over at Stord sit att med dei nest beste. Her frå 3-4-tapet mot Lysekloster sist helg.
Oscar Ingebrigtsen er uroa over at Stord sit att med dei nest beste. Her frå 3-4-tapet mot Lysekloster sist helg. Foto: Kjetil Østrem

«Burde vore éin-to divisjonar opp. Ferdig snakka»

Eg viser til interessantleiar i Sunnhordland 31. juli og svaretfrå Stord Fotball (SF) 2. august. Fint at avisa tek opp dette temaet, mange er engasjert i lokalfotballen.

Me er fleire som tidlegare har hevda her i avisa at SF ikkje heng heilt med når det gjeld A-lagsfotball for menn. Laget burde vore éin-to divisjonar opp. Ferdig snakka. Det er ikkje lett å forstå at t.d. Haugesund har tre lag som ligg føre Stord.

Svaret SF gjev i avisa forklarar kvifor me er der me er. Klubben si hovudsatsing er breiddefotball og talentskule for heile Sunnhordland. Alle skal med. Resultatet er at alle dei største lokale talenta litt etter litt forsvinn til andre klubbar, som takkar og bukkar. SF sit att med dei nest beste spelarane og knapt nok det. På denne måten kan SF sjølvsagt aldri bli eit topplag og publikum kan sjå langt etter dei «store» kampane på stadion.

Les også: Her slaktar Palmason dommaren, etter tap i sjumåls-thriller

Eg er slett ikkje sikkert på om eg likar denne modellen så godt. Fotball er norsk publikumssport nummer éin. Det er ikkje godt nok å tilby eit fotballinteressert publikum på Stord eit førstelag som år etter år må kjempa iherdig for å halda seg i «skarve» 3. divisjon. Og det på eit primitivt stadion som nærast krev oljehyre som standard påkledning hos publikum.

– Laget burde vore éin-to divisjonar opp. Ferdig snakka, skriv Oscar Ingebrigtsen.
– Laget burde vore éin-to divisjonar opp. Ferdig snakka, skriv Oscar Ingebrigtsen. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN / arkiv

Heldigvis, SF antyder i avisa at dei vil gjera noko med dette i løpet av dei neste tre åra, om eg har forstått dei rett. Me er mange som lurer på kva for plan det er.

Oscar Ingebrigtsen,

lokal fotballpatriot