– SV meiner at elektrifiseringa av ferjer er nødvendig for å nå klimamåla, og det opnar for ny teknologi-, nærings- og industriutvikling innan maritim sektor, skriv Kjellbjørg Lunde i svar til Sigbjørn Framnes.
– SV meiner at elektrifiseringa av ferjer er nødvendig for å nå klimamåla, og det opnar for ny teknologi-, nærings- og industriutvikling innan maritim sektor, skriv Kjellbjørg Lunde i svar til Sigbjørn Framnes. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ARKIV

Desinformasjon og sentralisering

SV er imot dei nye store fylka m.a. fordi reforma skapar større avstand mellom veljarar og oss med politisk makt.Sigbjørn Framnes (bladet Sunnhordland 5/7) viser til at det var Ap og Sp som ivra mest for samanslåing av Sogn og Fjordane og Hordaland til Vestland. Frp ivra i alle høve ikkje mest imot.

Derimot uttalar kommunalpolitisk talskvinne Kjos (Frp, Aftenposten 24.9.18) at endringa frå 19 til 11 regionar er eit steg i riktig retning på vegen til å fjerne fylkeskommunane heilt. Regionsreforma er vedteken av regjeringa, inkludert Frp.

No varslar regjeringa lågare overføringar til kommunane, samstundes som dei har forplikta seg på krevjande tiltak for å nå klimamåla, tiltak som i høg grad kommunane må vere med å oppfylle.

Framnes viser til store investeringar knytte til elektrifisering av ferjer som forklaring på den dårlege økonomien til det nye Vestland fylke. SV meiner at elektrifiseringa av ferjer er nødvendig for å nå klimamåla, og det opnar for ny teknologi-, nærings- og industriutvikling innan maritim sektor. Større statleg ansvar for utvikling av grøn næring gjennom løyvingar til dette hadde vore viktige steg i rett retning. I staden gir regjeringa 22 milliardar kroner i tilfeldige skattelette til dei som har mest frå før.

Det å byggje 4-felts-motorveg med fartsgrense på 110 km/t, samtidig som regjeringa har ei målsetting om 0-vekst i biltrafikken kostar derimot så det svir m.o.t. klima, artsmangfald og (bom) pengar. Dette framstår no som politisk spagat, med føtene godt planta på kvar side av E 39.

Framnes prøver ikkje å fremje Frp som partiet som skal redde klimaet. Det gjer han heilt rett i.

Kjellbjørg Lunde

Stord SV