– Problemet er då kva me gjer med understellet, til denne, og til 23 andre Condeep-plattformer i Nordsjøen (tolv på kvar side av sektorgrensa), skriv Gisle Tjong om kva som skjer når Statfjord A skal stengjast av.
– Problemet er då kva me gjer med understellet, til denne, og til 23 andre Condeep-plattformer i Nordsjøen (tolv på kvar side av sektorgrensa), skriv Gisle Tjong om kva som skjer når Statfjord A skal stengjast av. Foto: Per Egil Larsen/Arkiv

Dilemma i Nordsjøen

Om tre år skal altså Statfjord A stengjast av, etter då 43 år i produksjon. Problemet er då kva me gjer med understellet, til denne, og til 23 andre Condeep-plattformer i Nordsjøen (tolv på kvar side av sektorgrensa). For dei står temmeleg fast, skjørta under lagercellene går 30 m ned i havbotnen, Så dette kjem til å verta dyrt, også for statane.

Det er greitt at cellene er ikkje kjemisk reine for olje, sjølv om ein tømer dei så godt det let seg gjera. men det er uansett små mengder det er snakk om. Og understella kan verta ståande slik dei står, i fleire hundre år.

Og når dei ein gong eventuelt skulle kollapsa, er mykje truleg dei små oljerestane omgjort, kjemisk, til eit fast stoff, som ikkje er miljøfarleg.

Viss oljeselskapa vert nøydde til å fjerna understella, vil det garantert verka negativt inn på både evna og viljen, til å operera meir på norsk, ev. britisk, ev, begge sektorar. For her vil store delar av mange års forteneste gå til spille.

Eg har høyrt om ei mogeleg løysing ved å kutta beina 30 m under overflata, og la resten stå att. Må sjølvsagt tettast att først. då er i alle fall risikoen for skipsfarten eliminert.

Elles fungerer jo understell, også i dag, som fiskerev, det skal ikkje heller gløymast.

Gisle Tjong