ldreomsorga som tema fell tilsynelatande mellom to stolar, og vert nedprioritert i mengda av saker som kjem opp, skriv Arne Prestbø (biletet) og Ragnhild Prestbø i Fitjar Høgre.
ldreomsorga som tema fell tilsynelatande mellom to stolar, og vert nedprioritert i mengda av saker som kjem opp, skriv Arne Prestbø (biletet) og Ragnhild Prestbø i Fitjar Høgre. Foto: Marius Knutsen

Eldreomsorg i Fitjar

I kvart valprogram frå dei ulike partia i Fitjar, vert det presentert punkt for kva ein går til val på når det gjeldt eldreomsorg. Nokre lovnader er vage, medan andre er meir konkrete. Når valkampen no er i gang for fult, kan ein derimot undra seg kvar temaet vert av. Eldreomsorga som tema fell tilsynelatande mellom to stolar, og vert nedprioritert i mengda av saker som kjem opp. Dette trass i kor viktig temaet eigentleg er. For Fitjar Høgre er derimot eldreomsorga i kommunen eit viktig tema, som ein ser er viktig å få gjort meir synleg i den pågåande valkampen.

For Fitjar Høgre har det vore, og held fram med å vera, viktig å kunne tilby eldre i kommunen god mat, som ser freistande ut og som både smaker og lukter godt. Ved å tilby mat i denne kategorien kan ein auka appetitten hjå kvar enkelt, samstundes som ein kan førebyggja under- og feilernæring. Å oppretthalda drift i institusjonskjøkenet ved Fitjar Bu- og behandlingssenter, som har ei stor førebyggjande funksjon, står sentralt. Vidare er det heilt naudsynt med drift av kjøkenet for å kunne tilby kvar enkelt eit heilskapleg godt helsetilbod.

Vidare har Fitjar Høgre dei siste åra vore med på å få gjennom vedtak om å byggja ny sjukeheimsavdeling, som i desse dagar står klar til innflytting. Med topp moderne omsorgsteknologi, markerer denne avdelinga ein ny start innan tilbodet til eldre i kommunen. Trass i dette, er ein avhengig av ei fungerande heimesjukepleie, som kjem tidleg inn i eit sjukdomsgang. Det hjelper ikkje med moderne omsorgsteknologi på institusjon eller i heimen, utan at personane som jobbar i tenestene har den fagleg gode kompetansen som trengst.

For å kunne tilby best mogeleg eldreomsorg, ser Fitjar Høgre at dekning av utdanna personal, i mest mogeleg heile stillingar, er naudsynt. Dette i kombinasjon med heva kompetanse på alle nivå, kan bidra til auka kvalitet og kontinuitet i tilbodet som vert gitt kvar enkelt.

For Fitjar Høgre

Ragnhild Prestbø,

8.-kandidat

Arne Prestbø,

3.-kandidat