– Etter alle solemerke er kommisjonen sitt forslag ikkje den einaste saliggjerande vegen til ein betre og meir effektiv domstolsstruktur i denne delen av Gulating lagdømme, skriv Magni Elsheim.
– Etter alle solemerke er kommisjonen sitt forslag ikkje den einaste saliggjerande vegen til ein betre og meir effektiv domstolsstruktur i denne delen av Gulating lagdømme, skriv Magni Elsheim. Foto: Vidar Hope/Illustrasjon

En debatt som har spora av

I august 2017 sette regjeringa ned ein domstolskommisjon. Mandatet til kommisjonen er breitt. Mellom anna skal kommisjonen sjå på korleis ein kan sikra domstolane si uavhengige stilling, kva oppgåver domstolane skal løysa i framtida og korleis dei bør organiserast for å møta moderne krav til effektivitet og kvalitet. Kommisjonen fekk òg i mandat å koma med forslag til ein konkret domstolsstruktur. 1. oktober la kommisjonen fram si delinnstilling om det siste. Kort fortalt inneber forslaget frå fleirtalet i kommisjonen at talet på tingrettar vert redusert frå 60 til 22, men slik at ein opprettheld 30 rettsstader. Fleirtalet foreslår vidare at talet på jordskifterettar vert redusert frå 34 til 13, med til saman 20 rettsstader. Mindretalet foreslår ein langt meir drastisk reduksjon.

Forslaget har ei sakleg og solid grunngjeving. Det ryddar grunnen for ein spennande debatt om ein meir framtidsretta og moderne måte å organisera og driva domstolane på.

Diverre har debatten so langt ikkje heilt innfridd desse forventningane. Etter at rapporten vart lagt fram har diskusjonen rast i mange aviser landet rundt. Politikarar som elles bryr seg lite om kva domstolane driv med har fremja sterke og kritiske syn på kommisjonen sitt forslag. I all hovudsak dreier kritikken seg om at forslaget ikkje varetek distriktspolitiske omsyn. Mange omtalar forslaget som nok eit sentraliseringstiltak som vil utradera viktige kompetansearbeidsplassar i distrikta. Dei domstolsfaglege argumenta er for det meste fråverande. Etter mitt syn er det meste av kritikken ei full avsporing, som har køyrt debatten inn på eit blindspor.

Arbeidet med ny domstolsstruktur dreier seg ikkje om arbeidsplassar i distriktet. Det dreier seg om å sørgja for ein struktur som i framtida set domstolane i stand til å levera rettslege avgjerder av høg kvalitet til rett tid. I tillegg må me har råd til strukturen når handlingsrommet i offentlege finansar minkar.

Når det gjeld det siste, har eg som domstolsleiar og tidlegare nestleiar i Domstoladministrasjonen sitt styre, lang og smerteleg erfaring med at pengar til domstolane ikkje sit særleg laust hjå dei som løyver pengar. All erfaring tilseier at det er ei haldning som ikkje kjem til å endra seg, heilt uavhengig av kven som styrer landet. Då kan me ikkje nytta magre midlar på digital utrusting av nærare 400 rettssalar over heile landet som stort sett vil stå tomme, eller leiarutvikling i domstolar med ei handfull tilsette. Moderne krav til digitalt utstyr, bygningar, fasilitetar og effektiv leiing nærmast skrik etter ein annan og meir effektiv struktur. I praksis er løysinga at talet på rettskrinsar og domstolar må reduserast kraftig. Domstolskommisjonen har rekna ut at det er store pengar å spara på dei føreslådde strukturendringane. Dette er midlar som sårt trengst til forsvarleg og framtidsretta drift og utrusting av domstolane.

Eg registrerer at fleire politikarar i iver etter å verna dagens struktur, lovar domstolane meir pengar. Når det samstundes ikkje finst eit einaste politisk parti som har programfesta auka midlar til domstolane, legg eg for min del denne høglydte iveren i skuffa for tomme løfter.

Arbeidet med ny domstolsstruktur dreier seg ikkje om arbeidsplassar i distriktet. Det dreier seg om å sørgja for ein struktur som i framtida set domstolane i stand til å levera rettslege avgjerder av høg kvalitet til rett tid.

Til liks med domstolskommisjonen er eg uansett ikkje overtydd om at det er fornuftig å bruka offentlege pengar på å oppretthalda dagens gammaldagse struktur. Særleg ufornuftig vert det når kommisjonen si innstilling syner at strukturen ikkje understøttar moderne krav til kvalitet og effektivitet i domstolane. Me har mange svært små domstolar i Norge. Meir enn halvparten av dei 60 tingrettane våre har tre eller færre embetsdommarar, og 15 av dei har berre ein embetsdommar. Kommisjonen peiker på ei rekkje moment som talar for at domstolane må verta større: Små fagmiljø er sårbare når det kjem inn tidkrevjande og kompliserte saker og ved sjukdom og fråvær. Vilkåra for kompetanseutvikling og moderat spesialisering er magre i små tingrettar. Små tingrettar er sårbare for bindingar mellom aktørane i retten. I dei minste tingrettane er det ikkje mogeleg å innfri kravet om at det skal vera tilfeldig kva dommar som får ei sak til handsaming. Kvantitative analysar indikerer at det er kvalitetsforskjellar mellom tingrettane. Større rettskretsar vil auka det samla produktivitetsnivået i tingrettane. Og sist, men ikkje minst, vil sikring av domstolane og investeringar i naudsynt og framtidsretta teknologi verta svært kostbart med dagens struktur.

Mange har gjort det til eit mantra at fysisk nærleik til domstolane er særs viktig. For eigen del vil eg tru at det er viktigare for borgarane at dommarane har tilstrekkeleg distanse til partar og aktørar. Dei aller fleste oppsøkjer dessutan domstolane så sjeldan at argumentet om reisetid ikkje rekk særleg langt. I alle fall rekk det ikkje langt når kommisjonen sitt forslag inneber at 95 % av borgarane vil ha ein reiseveg på under to timar til næraste tingrett.

Konkret foreslår kommisjonen at Bergen tingrett vert slått saman med deler av Hardanger tingrett til Hordaland tingrett, og at Sunnhordland tingrett vert slått saman med Haugaland tingrett til Haugaland og Sunnhordland tingrett. Nord- og Midhordland jordskifterett og Indre Hordaland jordskifterett vert foreslått samanslått til Hordaland jordskifterett. Forslaget er vidare at både Hordaland tingrett og Hordaland jordskifterett vert lokaliserte i Bergen, men slik at domstolane kan disponera lokale på Voss og/eller i Hardanger ved behov. Haugaland og Sunnhordland tingrett vert foreslått lokalisert i Haugesund.

Etter alle solemerke er kommisjonen sitt forslag ikkje den einaste saliggjerande vegen til ein betre og meir effektiv domstolsstruktur i denne delen av Gulating lagdømme. Det kan godt hende at det finst alternative forslag som varetek omsynet til kvalitet, effektivitet og tilgjenge like godt. Til dømes kan ein argumentera for at det vil vera tenleg med fleire rettsstader i nokre av domstolane. Eg vil difor oppmoda alle som er interesserte i domstolane si rolle i samfunnet til å lesa innstillinga og delta i debatten. Samstundes vonar eg at det offentlege ordskiftet framover kan dreia seg om kva struktur som vil tena kvaliteten og effektiviteten i domstolane og ikkje halda fram i eit blindspor der domstolsstrukturen er redusert til eit distriktspolitisk verkemiddel.

Magni Elsheim

Førstelagmann i Gulating lagmannsrett