Oppstillingsplassen på Jektevik har eit areal på 1300 m², medan oppstillingsplassen på Ranavik berre har 1000 m² areal. Når tunnelen vert gratis vil høgst sannsynleg oppstillingsplassen på Ranavik måtta utvidast. Denne kostnaden kan i staden nyttast på Jektevik der ein enkelt kan dobla arealet til 2600 m², skriv representantar frå Husnes Vekst i dette debattinnlegget.
Oppstillingsplassen på Jektevik har eit areal på 1300 m², medan oppstillingsplassen på Ranavik berre har 1000 m² areal. Når tunnelen vert gratis vil høgst sannsynleg oppstillingsplassen på Ranavik måtta utvidast. Denne kostnaden kan i staden nyttast på Jektevik der ein enkelt kan dobla arealet til 2600 m², skriv representantar frå Husnes Vekst i dette debattinnlegget. Foto: Illustrasjon

Ferja bør gå mellom Jektevik og Sunde

Ope brev frå Husnes Vekst til fylkesdirektør for samferdsel, Håkon Rasmussen.

Håkon Rasmussen har i svarbrev til Kvinnherad kommune ved ordførar Peder Sjo Slettebø på spørsmål om status for bygging av ladestasjonar til elektriske ferjer på Ranavik ferjekai,uttalt seg i fleire punkt kvifor Sunde-Jektevik ikkje kan nyttast som ferjesamband mellom Kvinnherad og Stord når Halsnøytunnelen vert gratis den 6. september i år.

Husnes Vekst vil i det følgjande kommentera og be om svar på våre kommentarar til desse uttalane:

1) «Jektevik ferjekai har ikkje kapasitet til å dekkje ferjesambandet mellom Stord og Kvinnherad. Det vil krevje utviding av arealet for oppstillingsplassar, samt truleg også ny kai med ladefasilitetar»

Kommentar Husnes Vekst:

Oppstillingsplassen på Jektevik har eit areal på 1300 m² medan oppstillingsplassen på Ranavik berre har 1000 m² areal. Når tunnelen vert gratis vil høgst sannsynleg oppstillingsplassen på Ranavik måtta utvidast. Denne kostnaden kan i staden nyttast på Jektevik der ein enkelt kan dobla arealet til 2600 m². Ved å nytta Jektevik kan ein i tillegg droppa kostnaden på mange millionar med ny snøggbåtkai på Ranavik. Ferjekaien som vert frigjort kan nyttast til snøggbåten som i dag.

I det føreslegne ruteopplegget for ferjesambandet Jektevik-Hodnanes-Nordhuglo, vil Jektevik ferjekai vera ledig i periodar frå ein halv time til 50 minuttar, 22 gonger mellom 06.00 og 24.00 på kvardagar. Dei nye elferjene treng liggja til kai 10 minuttar for lading. Det er difor ikkje til å forstå kvifor ikkje ferjene frå eit samband Sunde-Jektevik kan nytta denne kaien når den likevel er ledig og kvifor som Rasmussen hevdar at det truleg må byggjast ny kai med ladefasilitetar.

2) «Sunde ferjekai blir i dag brukt til innfartsparkering. Om ferjeleiet igjen skal brukast til ferjetrafikk, må det etablerast ny innfartsparkering og ladefasilitetar»

Kommentar Husnes Vekst:

Kjenner ikkje Rasmussen til at ny innfartsparkering med fleire parkeringsplassar enn det er i dag på den gamle oppstillingsplassen på Sunde ferjekai, snart er klar? Det same ladeutstyret som er tiltenkt Ranavik, må kunna nyttast på Sunde.

3) «Flytting av sambandet til Sunde–Jektevik vil dermed føre til vesentlege investeringsutgifter, utan at det gir kortare overfartstid eller betre driftsopplegg. Sjølv om reisetida mellom Husnes og hhv. Bergen og Leirvik vert noko redusert ved dette alternativet, kan dette etter fylkeskommunen si meining ikkje forsvare dei store meirutgiftene. Eit innkorta samband med nytt ferjestø på Stord-sida vil uansett vere det alternativet som gir kortast samla reisetid og vil vere eit betre alternativ enn Sunde–Jektevik»

Kommentar Husnes Vekst:

Husnes Vekst vil hevda at investeringsutgiftene heller vil bli vesentleg redusert som m.a. vist til i kommentar til første punkt. Så kjem i tillegg kostnadene i storleik hundretals millionar til god nok vegstandard og trafikksikring over Halsnøy som den aukande ferjetrafikken og ikkje minst auka tungtrafikk vil medføra. Dette krev sjølvsagt ein heilt annan vegstandard enn ei vegopprusting berre for lokaltrafikken på øya sjølv om det også er behov for dette. Dei store investeringane som må gjerast for ein aukande ferjetrafikk, må takast over fylkesvegbudsjettet og gjennom Kvinnheradpakken i form av å krevja inn bompengar av trafikantane på ferjene. Ulempene for trafikantane medan det pågår omfattande opprusting av ein veg der det ikkje er høve til omkøyring, har òg sin pris.

Det er i overskodeleg framtid ikkje noko som tyder på at det vert bygt ny ferjekai på Stord. Etablering av ladestasjonar på Ranavik og Skjersholmane, vil sementera dette lite tenlege sambandet i 10 år frametter.

Rasmussen ser likevel at «reisetida mellom Husnes og hhv. Bergen og Leirvik vert noko redusert», som han uttrykkjer det, ved eit samband Sunde-Jektevik.

Slik vil reisetida bli redusert med eit samband Sunde-Jektevik:

10.000 kvinnheringar på sørsida av fjorden og all gjennomgangstrafikk Odda/Hardanger og Skånevik/Etne mot det folketunge leirvikområdet, vil få tilnærma eit kvarter redusert reisetid. Til samanlikning ville eit samband Ranavik-Djupavik, som no er lagt bort grunna høge kostnader, redusert reisetida med 10–12 minuttar.

Minst 7000 kvinnheringar i den folketunge delen av kommunen, vil få opp mot ein halv time redusert reisetid til Bergen. Når vegen Svegatjørn-Rådal opnar om vel to år, vil reisetida bli ytterlegare redusert med minst 20 minuttar og ei total reisetid på ned mot 2 timar vil vera oppnåeleg, mot i dag nesten 3 timar. Dette vil innebera at til dømes varetransport tur retur Bergen og Hydro Husnes, vil få redusert reisetida med halvannan time. Transport og reisetidskostnader kostar samfunnet og næringslivet store årlege summar og er ein tungtvegande konkurransefaktor, noko som særleg rammar Kvinnherad med sine dårlege kommunikasjonar.

Det vil vera ein stor miljøvinst å unngå dei 200 høgdemetrane gjennom Halsnøytunnelen og ikkje minst eit betre bumiljø på Halsnøy ved å sleppa tungtrafikken som utan tvil vil auka ved gratis tunnel.

Eit samband Sunde-Jektevik er ikkje optimalt, men det er ut frå dagens situasjon det beste og tenlegaste for flest trafikantar ein kan få til fram til brusambandet over Husnesfjorden, Sunnfast er på plass. Vert Tysnesbrua mellom Jektevik og Hodnanes bygt før Sunnfast, vil eit innkorta ferjesamband Sunde-Hodnanes eller eit kort 10–12 minuttars ferjesamband i Sunnfasttraseen, Huglo-Bjellandsneset vera aktuelt.

Husnes Vekst vil på grunnlag av ovannemnde be Fylkesdirektør for samferdsle, Håkon Rasmussen gjera ei ny og grundigare vurdering av å flytta ferjesambandet Kvinnherad-Stord frå Ranavik-Skjersholmane til Sunde-Jektevik.

Husnes Vekst

ved Synnøve Handeland, Guttorm Røssland, Håkon Røstbø, Merete Hersvik, Jarle Haktorson, Per Henrik Opdal, Oddmund Skår.