Torsdag er det festpremiere på Severin Eskeland sin film LYST med Magdalene From Delis i hovudrolla.
Torsdag er det festpremiere på Severin Eskeland sin film LYST med Magdalene From Delis i hovudrolla. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Filmfestival med skrekk og gru

Prisutdeling, festpremiere på Lyst, Frankenstein-kveld og togtur med film i gruvene er nokre av høgdepunkta i tidenes første skrekkfilmfestival på Stord.

Stord skrekkfilmfestival opnar 18. april med prisutdeling i Stord kulturhus. Då blir beste unge skrekkfilmskapar kåra. 19. april er det Frankenstein-kveld i Stord folkebibliotek.

Prat om monsterfilm

Mary Wollstonecraft Shelley skreiv fram det verdskjente Frankensteins monster i det som blir rekna som verdas første SCI-fi-roman. Verdsklassikaren kom for første gong på nynorsk denne vinteren. Omsetjaren, Øystein Vidnes, samtalar med Svein Olav Langåker om aktualiteten i boka og om den fascinerande historia til forfattaren som byrja på Frankenstein allereie som 18-åring.

– Det er utruleg å sjå korleis Mary Shelley tenkte på den tida og kor framsynt ho var kring problemstillingar som framleis er aktuelle. Sjølv om det er ei gammal historie, som er ganske rar, så er det mjuke som peikar framover. Det handlar om mennesket sitt ansvar for naturen og det dei sjølv har skapt, sa Vidnes til Framtida.no då boka kom ut tidlegare i vinter.

Etter samtalen blir det framsyning av filmen Frankenstein frå 1931 i småsalen på Stord kulturhus, skriv Stord filmklubb i ei pressemelding.

Festpremiere

Torsdag 20. april er det festpremiere på lokal skrekk, med Stord-regissør Severin Eskeland sin nye film LYST, der Magdalena From Delis har hovudrolla.

Laurdagen er det barnearrangement med opplesing av zombie-boka Zara og dei av Bjørn Sortland under Bok & bolle i Stord folkebibliotek.

Kvelden held fram på skummelt vis filmvising av «Død snø» i gruva på Litlabø.

 

Kalde gufs

– Venelaget er greie og stiller med tog, som me køyrer inn i gruva før me viser filmen, fortel Øystein Kyvik, leiar i Stord fotoklubb, som også tidlegare har brukt gruvene til filmvising.

– Ein fantastisk lokalitet, og ei stor oppleving i seg sjølv berre å vera der – sjølv om det er kaldt. Lyden er òg flott, skriv Kyvik i pressemeldinga.

 

Debut

Filmfestivalen blir for første gong arrangert på Stord i eit samarbeid mellom Stord filmklubb, Stord kulturhus, Stord folkebibliotek, Stord vidaregåande skule, Stord mållag og Stord fotoklubb.