Torbjørn Brosvik er Krf sin ordørarkandidat på Stord.
Torbjørn Brosvik er Krf sin ordørarkandidat på Stord. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN / arkiv

For MOT

Stord KrF har i vårt program for denne perioden slått fast at vi er for MOT. Vi seier at vi vil nytte MOT sitt gode undervisningsopplegg i ungdomsskulane for å utvikle robust ungdom som inkluderer alle. I møtet Oppvekst- og utdanningskomiteen skal ha 28. mai er saka oppe og rådmannen rår til å sei opp avtalen med MOT. KrF kan ikkje sjå at det då står klart noko godt alternativ for å byggje verdiar, haldningar og skape eit betre psykososialt skulemiljø. Etter vår meining er dette eit tilbod til dei unge vi ikkje har råd til å kutte.

Folkehelse og livsmeistring er eit tverrfagleg tema i ny overordna del til læreplanen og fagfornyinga som kjem i 2020. Ny overordna del er vedtatt og skal takast i bruk frå neste haust. MOT er eit godt verktøy som er med å gjere Stordskulen i stand til å oppfylle læreplanmåla. Difor vil det vere eit steg i feil retning dersom MOT no vert redusert.

KrF vil derfor fremje dette i møtet i oppvekst og utdanning 28. mai: «Komité for oppvekst og utdanning vidarefører MOT-programmet for ungdomsskulane i Stord kommune. Komiteen ber rådmannen ta omsyn til dette i framlegg til revidert budsjett.»

Torbjørn Brosvik,

ordførarkandidat,

Stord KrF