Politiet fekk over femti bilførarar til å blåsa ved Miljøtunnellen på E39 Stord laurdag.
Politiet fekk over femti bilførarar til å blåsa ved Miljøtunnellen på E39 Stord laurdag. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ARKIV

Politiet tok førarkortet til ein mann i 20-åra

Blei stoppa på Heiane tidleg laurdag morgon.

Då klokka var 06.15 laurdag morgon fekk politiet ei melding om ei mogeleg promillekøyring.

– Bilen blei sjekka av ein patrulje på Heiane, skriv Sørvest politidistrikt på Twitter.

Sjåføren av bilen, ein mann i 20-åra, verka rusa. Politiet har oppretta ei sak og tok førarkortet til mannan på staden.

Mannen blei sendt vidare til legevakta for blodprøvetaking.