Arnhild Myklebust ved Brilleriet på Stord rår til å sjekka synet jamleg.
Arnhild Myklebust ved Brilleriet på Stord rår til å sjekka synet jamleg. Foto: Brilleriet

Sjukdomane auga ditt kan avsløra

Auga speglar sjela heiter det, men auga speglar óg kroppen. Visste du at eit enkelt bilete av netthinna di kan avdekka ei rekkje alvorlege sjukdomar?

At me ved hjelp av å studere augo sine ulike strukturar kan oppdage augesjukdom er sjølvsagt, men det er ikkje sikkert alle veit at eit auga kan avsløre både høgt blodtrykk, revmatisme, diabetes og i verste fall svulst.

- Dersom ein går lenge med nokre av desse sjukdomane utan behandilng vil blodkara på netthinna endra seg. Endringa kan i nokre tilfelle forårsake synsforstyrringar som uklårt syn, synsfeltutfall eller liknande, men i tidleg stadium merker ein ofte ingenting. Då kan ei synsundersøking vera avgjerande for å hindre framtidig synssvekking, fortel Arnhild Myklebust, optikar ved Brilleriet på Stord.

Tidleg utredning 

I tillegg kan enkelte infeksjonar i augo vera tidlege teikn på andre sjukdomar. Eit eksempel er betennelse på synsnerva. Dette er ein relativt sjeldan form for augebetennelse som skapar nedsett syn og smerte. Diagnosen kan lett stillast ved å studera synsnerva som ligg på netthinna bakarst i augeeple. Heile 50% av dei som får denne forma for betennelse vil seinare utvikla MS.

- Dersom ein kjem tidleg til utredning, vil ein kanskje kunne forseinka utviklinga av sjukdomen. Regnbogehinnebetennelse er ein annan augesjukdom som kan vera eit teikn på bechetrew, seier optikaren.

Undersøk augo jamleg

- Å undersøke augo sine fremre og bakre strukturar er noko me gjer på alle kvar gong me har nokon inne til synsundersøking. Ved hjelp av avanserte instrument kan me avdekka augesjukdom og andre sjukdomar tidleg slik at ein kan førebyggja synstap. Ofte kan me avdekke tilstandar lenge før kunden merkar noko sjølv. Det er ikkje alle som tenkjer over dette når dei bestiller time hos optikaren, fortel Myklebust. 

Ein bør jamleg undersøke augo uavhengig av om ein treng nye briller eller ikkje. For sjølv om du føler at du ser godt, kan det vera andre ting som skjuler seg bak augelokka dine, som kan skapa problem om det ikkje vert oppdaga raskt nok. 

- Risikoen for augesjukdom aukar ved høgare alder, og difor bør ein undersøkje synet oftare når ein vert eldre. Eg vil tilrå ein augesjekk annakvart år, understrekar ho. 

Kan henvisa til augelege

Det er eit enormt press på augelegane, og ofte lange ventelister, særleg her på Stord med berre éin augelege. Optikaren meiner at fastlegar og anna helsepersonell kan vera endå flinkare til å henvisa til optikaren ved augerelaterte infeksjonar som ikkje er openbare augesjukdomar. 

- Me nyttar same utstyr som augelegane og det er kort ventetid hos oss. Dersom me ser augesjukdom henviser me direkte til augelege, avsluttar ho. 

{{facts}}

* Denne artikkelen er produsert av marknadsavdelinga i Sunnhordland.

Jamleg undersøk hos optikar kan avsløra alvorleg sjukdom.

Bestill synstest påwww.brilleriet.com eller ring 53 41 10 68.