Jan Hevrøy er langt frå imponert over Skyss, som i sitt nye ruteframlegg foreslår å redusera kraftig på talet på avgangar, blant anna på ruter som er fulle av hyttefolk eller pendlarar.
Jan Hevrøy er langt frå imponert over Skyss, som i sitt nye ruteframlegg foreslår å redusera kraftig på talet på avgangar, blant anna på ruter som er fulle av hyttefolk eller pendlarar. Foto: Illustrasjon

Skyss og ferjeruter

På Fjelbergsambandet foreslår Skyss å leggja ned to av dei mest trafikkerte rutene. Fredag frå Skjersholmane, og søndag frå Fjelberg. Fulle ferjer med hyttefolk.

På Jektevik – Hodnanes – Huglo sambandet, foreslår Skyss å leggja ned ein av morgonturane med mest trafikk. Full ferje med pendlarar og skuleungdom. Samt ein av ettermiddagsturane, som og er full av pendlarar og skuleungdom på veg heim.

Les også: Kjempar for helgeferja på Fjelber g

Er det fleire enn meg som no har byrja å skjøna at Skyss ikkje har peiling på kva dei driv på med?

Jan Hevrøy