Geir Atle Alfarnes, formann Lars Atle Huse og kunden sin representant Magnar Solheim i lystig passiar etter befaring på byggjeplass der rognkjeksanlegget er under bygging.
Geir Atle Alfarnes, formann Lars Atle Huse og kunden sin representant Magnar Solheim i lystig passiar etter befaring på byggjeplass der rognkjeksanlegget er under bygging. Foto: Engelsen Entreprenør

Tenkjer ikkje smått på Onarheim

I november 2014 reiste Engelsen Entreprenør til Tysnes for å byggje Gerhard Meidell Alsaker sitt kjøpesenter på Onarheim. Sjølv om alt såg ut til å skjere seg allereie første dag, samarbeider partane framleis om fleire og større prosjekt i laksebygda.

"Dåke kan pakke i saman tårnkranen og dra til helvete."

{{imageLeft}}

Første arbeidsdag på Tysnes for Steinar Tranøy og hans arbeidslag frå Engelsen Entreprenør. Sjeldan eller aldri før hadde ein kome i posisjon på betongjobbar på naboøya. Endeleg skulle ein få høve til å vise seg fram. Onarheimsbygda skulle få sitt første fleirbrukssenter - med både butikk, bustadar, treningsrom og eit flott utandørs torg. Kvalitetane skulle vere ekstra høge, fokus på samhandling like eins. 

Første arbeidsdag fekk ein då også beskjed om å pakke i saman og reise heim att. Tårnkranen var reist og arbeidet skulle byrje. Diverre var det eitt einaste lite område som skulle vernast, og akkurat her hadde Engelsen Entreprenør, i god tru, valt å setje ned ein verktøyscontainer. Gerhard Alsaker vart sjølvsagt ikkje nøgd.

- Det er vel ein av dei tyngste dagane eg har hatt på jobb. Det er ikkje berre berre å demontere ein tårnkrane. Me vurderte faktisk å berre reise heim i skam på direkten, ler formann Steinar Tranøy. 

frå torget på OnarTun med blant anna plass-støypte blomekassar og bord.
frå torget på OnarTun med blant anna plass-støypte blomekassar og bord. Foto: Engelsen Entreprenør
Djupvasskaien på Nedrevåge.
Djupvasskaien på Nedrevåge. Foto: Engelsen Entreprenør
Kaianlegget er eit flott stykke arbeid, og har ført til at Engelsen Entreprenør har fått fleire prosjekt i laksebygda.
Kaianlegget er eit flott stykke arbeid, og har ført til at Engelsen Entreprenør har fått fleire prosjekt i laksebygda. Foto: Engelsen Entreprenør

Han kan le av det no, for etter dette har samarbeidet gått på skinner. Prosjektet vart overlevert og opna med brask og bram i 2017, med Engelsen som ansvarleg for råbygget. Stord-entreprenørane har etter dette gått vidare til eit mangfald av andre jobbar i bygda. Djupvasskaiar, inntakskummar, større bygg og bruer - betongbilane har stått i kø på Hodnanes-ferja.

Enormt kaiprosjekt

- Dersom homo sapiens vart utrydda og jorda fekk stå urørt i 100 år, vil ein framleis kunne sjå pyramidane i Egypt, Den Kinesiske Muren og betongkaien i Nedrevåge frå verdsrommet, seier laksekongen Gerhard Meidell Alsaker tydeleg stolt, kort tid etter overlevering av den nesten 4000 rutemeter store djupvasskaien i Nedrevåge. 

Det byrja med 30 løpemeter kai og enda med 130 løpemeter når kontrakten vart skriven. På Onarheim tenkjer ein ikkje smått. 

- For oss som entreprenør er det jo klart det er stas å jobbe med ein byggherre som er villig til å satse så mykje som Meidell-konsernet gjer. Ikkje berre fordi det gir oss meir omsetnad, men først og fremst fordi ein får høve til å levere frå øvste hylle når det kjem kvalitet, seier prosjektleiar Geir Atle Alfarnes. 

Alfarnes har over 35 års fartstid i Engelsen-systemet og starta som lærling i 1983.

- Me må konkurrere på pris som alle andre, men får alltid høve til å påverke løysingsval. Erfaringsmessig er det desse prosjekta som gir størst økonomisk gevinst for alle partar - me har stor tru på samhandlande prosjektutvikling.

{{imageLeft}}{{imageLeft}}

Tak over hovudet - til både rognkjeks og direktørar

Utanfor administrasjonsbygget til Alsaker Fjordbruk har det også vore stor utbygging dei seinaste åra. 

Formann Lars Atle Huse står på dei nylagte hulldekka på Onarheim Bruk, det over 5000 rutemeter store rognkjeksanlegget som skal stå ferdig i løpet av 2019. Engelsen Entreprenør er hovudentreprenør. På Onarheim har han vore i over to år - både med det eine og det andre.

- Me får lov til å putle med litt av kvart. Du jobbar mot ein byggherre som har eit eksepsjonelt auge for dei minste detaljar. Kvar laurdag er han og "gapar" på det du har gjort - om du ikkje har høyrt noko i løpet av måndagen er det berre å peise på vidare. 

Huse er utdanna tømrar og har jobba som formann i Engelsen Entreprenør i ei årrekkje.

- Fleirfagleg kompetanse kjem godt til nytte når ein skal vere hovudleverandør - det finst heldigvis meir til eit byggjeprosjekt enn betong og armering. 

Formannen peikar deretter opp på skrenten mot einebustaden dei snart skal gå i gang med - for "sjefen sjølv". Engelsen Entreprenør skal levere råbygget til herskapshuset. Denne gong med ein nyinnkjøpt sjølvreisande krane. 

- Denne er heldigvis mykje lettare å pakke i saman dersom me skulle dumme oss ut igjen.

www.engelsenentreprenor.no 

* Denne artikkelen er produsert av marknadsavdelinga i Sunnhordland.