Breiddefotballen stoppa: NFF bestemte torsdag å stoppa all breiddeaktivitet ut april, for å hindra spreiinga av koronaviruset. Foto: Henrik Mundal Andreassen

All breiddefotball blir stoppa ut april

Norges fotballforbund stoppar all aktivitet på breiddenivå.

All form for trening, turneringar, samlingar og annan kampaktivitet i norsk breiddefotball blir stoppa ut april, skriv NFF i ei pressemelding torsdag.

Vedtaket kjem som følgje av Folkehelseinstituttet sine tilrådingar om tiltak for å hindra spreiing av koronaviruset i Norge. NFF følgjer situasjonen tett, og er saman med Norges idrettsforbund i løpande dialog med helsestyresmaktene.

Les også
Koronaviruset legg barneidretten på is

– Me har over 370.000 medlemmer, og veldig mange er involverte i fotballen på ulike måtar kvar dag. NFF har eit stort samfunnsansvar, og i likskap med NIF og resten av Idretts-Norge tek me situasjonen på alvor, og følgjer råda frå helsestyresmaktene for å bidra til å avgrensa spreiinga av koronaviruset, seier Pål Bjerketvedt, generalsekretær i Norges Fotballforbund.

I løpet av dagen vil det koma ei oppdatering på kva som skjer med Toppserien, Eliteserien, 1. divisjon kvinner, Obosligaen og Post Nord-ligaen.