Skytestemne: Stord og Fitjar skyttarlag har sendt ut melding om at stemnet til helga vert avlyst. Foto: Privat

Avlyser skytestemne i Midtfjellet

Rundt 100 deltakarar skulle til helga samlast for feltskyting. No er det avlyst.

Koronaviruset fører til nok ei avlysing av arrangement. Det var skyttarlaga Stord og Fitjar som til helga skulle arrangera skytestemne i Midtfjellet.

Styret i Stord Skyttarlag følgjer Norges Skyttarstyre og innfører Korona-pause fram til 30. april, skriv dei.

Les også
Stord kommune strammar inn med makstak på 100 personar per forsamling

Midtfjellfelten som skal arrangerast i kommande helg er difor avlyst. Styret kjem også med ei oppmoding til alle medlemmane deira om å ikkje delta på opne stemner i denne perioden.

– Klarer me dette, og medlemmane våre er friske, så har me mogelegheit til å trena som normalt på Isdal, skriv Ronny Flatås.

Les også
Medarbeidar i Helse Fonna har fått påvist koronavirus