Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad under pressekonferansen om koronasituasjonen tysdag. Foto: Torstein Bøe / NTB / NPK

Barn som driv med kultur, blir likestilte med idrettsbarna

Same reglar vil frå no av gjelda for barn som driv med kulturaktivitetar som for dei som er i barneidretten. Det betyr fleire tilskodarar på arrangement.

Barneminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) sa på pressekonferansen tysdag at han hadde gode nyheiter til dei barna som ikkje er aktive i idretten.

– Også dei som driv med andre fritidsaktivitetar enn idrett, kan no vera inntil 50 personar til stades. Idrett og kulturarrangement blir no likt behandla. Det kan vera 100 tilskodarar viss det er fast tilviste plassar, slik regelen er for andre arrangement, seier Ropstad.

Les også
Får servera alkohol igjen: – Eg trur det blir ketchup-effekt