Forbod: At folk ikkje respekterer forbod og brukar kunstgrasbanane er noko som er eit problem over heile landet, særleg i større byar. Men også i Fitjar. No ber ordføraren folk halda seg vekke frå kunstgrasbanen. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Ber folk respektera fotball-forbod

Ordførar Harald Rydland er skuffa over at ikkje alle klarar å halda seg vekke frå fotballbanen.

Fitjar kommune har ikkje mykje korona-nytt å melda måndag morgon, men ordførar Harald Rydland vil enno ein gong minna om at idrettsanlegga i kommunen er stengde for hindra spreiing av farleg smitte.

– Me ber om at stenginga vert respektert, skriv han i ei melding til media, etter at fleire har klaga på at det har vore aktivitet på kunstgrasbanen, som ligg synleg til, like ved vegen.

Også i Stord kommune har det til dels vore stor aktivitet på fotballbanane i finvêret i helga.

Les også
Ungdomsrådet med bøn til unge som samlast: – Hald ut, det kjem betre tider!

Før helga gjekk Fitjar kommune ut med følgjande informasjon:

– Fitjar kommune og Fitjar Idrettslag har stengt idrettsanlegga i kommunen for all bruk, både organiserte aktivitetar og anna. Dette gjeld Fitjar Idrettspark (løpebanen og grasbanen), kunstgrasbanen, ballbingar og liknande. Me vil så sterkt me kan be folk om å halda seg vekke frå anlegga. Stenginga er eit viktig verkemiddel for å hindra spreiing av farleg smitte.

Les også
Ti pleiepasientar på Fitjar skal sitja i isolat på romma sine i endå ei veke, utan samvær med verken pårørande eller kjente