Thomas Låte gjorde det særs godt på Lillehammer med helga.
Thomas Låte gjorde det særs godt på Lillehammer med helga. Foto: Hardanger BTK

Bordtennis-Thomas heilt til topps

Stordabuen Thomas Låte vann alle sine kampar under Ungdomsleikane på Lillehammer i helga.

Det opplyser Håvard Markhus i Hardanger BTK.

Bordtennisklubben skriv på sine heimesider at Ungdomsleikane 2019 vart arrangert med konkurransar i dei femten idrettane som er med i Særforbundsalliansen, og som ein del av arrangementet gjennomførte Norges Bordtennisforbund ei regionlagsturnering.

– Thomas Låte utgjorde saman med Seth Egenberg (Sportsklubben Heros) Region Vest sitt Gutar 17-lag. Laget vann alle sine lagkampar, og gjekk dermed til topps i klassen. Thomas gjekk uovervunnen gjennom heile lagturneringa, og viste seg med det som klassens beste spelar!

Roger Andersson var med som lagleiar saman med Anders Hovden (Laksevåg BTK).

– Me gratulerer Thomas med førsteplassen, skriv klubben.

Neste turnering er lagsmeisterskapet førstkommande torsdag. Deretter er det regionsmeisterskap på Stord laurdag 25. mai.

Les også:Ellevill gullsesong for Thomas (18)