Morten Moldrup (27) skal byggja opp att Stord handball med hjelpa av unge, lokale spelarar.
Morten Moldrup (27) skal byggja opp att Stord handball med hjelpa av unge, lokale spelarar. Foto: Stord handball

Danske Morten er ny Stord-trenar

Har skrive toårskontrakt med Stord handball.

Morten Moldrup (27) frå Hørup ved Sønderborg skal leia Stord dei neste to åra. Dansken får også ansvaret for rekruttlaget i 4. divisjon og to av ungdomslaga.

– Det er med stor glede Stord handball kan presentera Morten Moldrup som ny fulltidstilsett trenarressurs i klubben, skriv Bjarte Epland, sportsleg leiar i Stord handball, i ei pressemelding.

– Moldrup har som trenar god erfaring med spelarutvikling i ungdomslag og er såleis ein svært god match til Stord handball sin strategi om å byggja klubben frå ungdomslaga og oppover, skriv Epland.

Dansken får ansvar for å gjennomføra klubben sin sportsplan i praksis ned i ungdomsavdelinga, og vera klubben sin samlande trenarressurs på tvers av alle lag, står det i meldinga.

Moldrup startar i stillinga 1. juni og har skrive ein toårskontrakt.

For eit par veker sidan blei det klart atNiklas Fjellet skal trena kvinnelaget til Stord. Han tek over etter Bjarte Epland.