EM-KLARE: Ronald Hareide (f.v.), Robert Delis og Geir Kannelønning har alle planar om å visa kampar frå fotball-EM, om gjestene ønskjer det. Foto: Sunnhordland

Dei håpar på EM-feber i Stord og Fitjar i sommar

Fredag kveld vert fotball-EM sparka laus med opningskampen Tyrkia - Italia på NRK.

Fotball-EM, som vart utsett i fjor sommar grunna koronasituasjonen, blir i staden spelt denne sommaren. Turneringa vert arrangert i 11 ulike byar i 11 ulike land frå 11. juni til 11. juli, og kampane blir sendt på NRK og TV 2.

Jubileumsår

Regjerande meister er Portugal som slo Frankrike i finalen etter ekstra omgangar i 2016. Dei er blant favorittane til å ta trofeet igjen i sommar.

Det er Frankrike som dei aller fleste ser føre seg som vinnar av årets meisterskap etter å ha imponert stort i 2018, og etter at dei vann VM i Russland. Dei har ein stall med vanvitig kvalitet og kan ta seg langt i sommar. Andre kandidatar er Belgia, England, Tyskland og Italia, som alle har eit mannskap som kan ta seg langt.

Grunnen til at meisterskapen blir arrangert i ulike land er for å feira at det er 60 år sidan den europeiske meisterskapen først starta. Finalen skal spelast på Wembley Stadium i London.

KLAR: Geir Kannelønning er klar for EM i sommar og håpar på at England tar trofeet med seg heim. Arkivfoto: Hilde Vormedal Nybø

Klare for EM

Bakeriet Frugård planlegg ein sommar med EM-stemning på utestaden i Borggata på Stord.

– Me skal visa EM hos oss hovudsakleg på fredagar og laurdagar, men vil òg visa om England spelar til dømes midt i veka eller om det er ein storkamp. Planen er og å visa det meste av det som skjer etter gruppespelet, med tanke på kvartfinale og utover. Me trur folk har lyst til å gå ut og sjå kampar i lag, så med har tru på pågang og god stemning. Det blir storskjerm hos oss for kampane i sommar, seier dagleg leiar av Bakeriet Frugård, Geir Kannelønning.

Osvald Pub og innehavar Robert Delis vil at folk skal ha sjansen til å sjå EM hos dei i sommar om det er interesse.

– Me har fire store tv-ar, så tilbodet er der om folk har lyst til å komma på pub og sjå kampar i sommar. Me har ikkje hatt så mykje fotballfans før, men håpar på at det er interesse for det no i sommar, seier Delis.

VISER EM: Robert Delis er klar på at folk skal ha tilbod til å sjå kampar hos dei på Osvald Pub. Foto: Henrik Mundal Andreassen

På Fitjar Fjordhotell er det ikkje store planar om å visa EM, men det kan skje om nokon vil sjå, melder hotelldirektør Ronald Hareide.

Dagleg leiar Marianne Haukefær ved Sjøhuset på Leirvik seier til Sunnhordland at dei ikkje kjem til å visa EM-kampar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heiar på England

Me spurde Kannelønning, Delis og Hareide om kven dei trur kjem til å vinna meisterskapen - og kva for spelar som er best i turneringa.

– Italia blir vinnar av EM, trur eg, sjølv om eg håpar på England. England- og Everton-keeper Jordan Pickford blir turneringas beste spelar, meiner Geir Kannelønning, som sjølv er Everton-fan.

– Italia blir vinnar av EM i sommar, og Cristiano Ronaldo blir turneringas beste spelar, slår Robert Delis fast.

– Det er vel vanlegvis Spania eller Portugal som pleier å stikka av med sånne turneringar, så eg går for Portugal, seier den jubilerande hotelldirektøren Ronald Hareide.

VISER FOTBALL: Ronald Hareide skrur på fjernsynet om fitjarbuen eller turistar vil sjå fotball-EM i sommar. Sjølv trur han Portugal stikk av med pokalen - igjen. Arkivfoto: Henrik Mundal Andreassen

Fotballelskarar kan sjå fram til ein sommar med 51 kampar som går over éin månad. Det er tre år sidan siste internasjonale meisterskap, så dette er ein meisterskap folk har venta ekstra lenge på. Sommaren 2020 gjekk ikkje etter planen så det er berre å håpa at årets meisterskap går knirkefritt.

Les også
Olaug Tvedten (20) fortset å imponera, tatt ut på landslaget igjen