Kjetil Fyllingen har hatt ein god prat med Kim Rønningstad (biletet). Foto: Kjetil Fyllingen

Den nye Stord-trenaren er neste gjest i «Stordpodden»

Kim Rønningstad - om livet som fotballtrenar for Stord sitt A-lag, pluss litt til.

I desember i fjor tok Kim Rønningstad over som fotballtrenar for Stord sitt A-lag.

I denne episoden av «Stordpodden» blir du litt betre kjend med mannen som faktisk er noregsmeister i Pro Evolution Soccer.

Rønningstad har også ein ganske spesiell uoffisiell verdsrekord, og han har testa livet som uteliggjar i New York ...

Programleiar er som alltid Kjetil Fyllingen.

NB! Denne episoden vart tatt opp før koronakrisa.

Stordpodden finn du på Spotify, og du kan også lytta til episoden her: