Fleire vegar i Leirvik sentrum blir stengde over periodar i dag. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Desse vegane blir stengde under maratonløpet

Skal du køyra på Leirvik i dag? Då gjer du lurt i å lesa dette.

Så langt har over 400 meldt seg på Sunnhordland maraton, som går av stabelen i dag. Under løpet vil arrangør Stord IL friidrett stilla med vakter ved fleire vegar.

Stengjer desse vegane

* Torgbakken, Jens Hystadveg og Borggata opp til Turnhallen blir stengt for trafikk frå 08.00 til 16.00.

* Vatnadalsvegen (frå Saneset til Øvre Økland) blir stengt for trafikk frå 09.45 til 14.00.

* Kattatveit/Lønning blir stengt for trafikk mellom 12.30 og 13.15-

* Litlabøvegen ved Lønning blir stengt frå 13.00 til 13.15.

*Heianevegen (mellom gangbru og inngang til Skipåsen) får innsnevra køyrebane mellom 10.30 og 15.00.

* Sæ ved Grand hotell/Stord folkehøgskule vil ha trafikkdirigering og bli stengt i periodar mellom klokka 10.00 og 15.30.

* Møllebrua, fotgjengarfeltet ved Leirvik bedehus, vil ha trafikkdirigering og bli stengt i korte periodar frå 09.30 og 14.00.

SUNNHORDLAND MARATON

Eit løp arrangert av Stord IL friidrett som gjekk av stabelen for første gongen i mai 2018. Den gong stilte 515 løparar til start på dei ulike distansane.

I 2019 var det heile 1.200 påmeldte på løpet som startar og sluttar i Leirvik sentrum.

I 2020 blei løpet avlyst som følgje av koronapandemien.

Laurdag 25. september 2021 blir Sunnhordland maraton arrangert for tredje gongen, etter å ha blitt utsett frå vår til haust grunna pandemien.

Les også
Desse løyperekordane kjempar dei om å slå
Les også
Stille før stormen