Ein nøgd Oliver André Matre på toppen av pallen med vandrepokalen.
Ein nøgd Oliver André Matre på toppen av pallen med vandrepokalen. Foto: NMK Vikedal

Fitjarbu fekk med seg vandrepokalen heim

Våte og vanskelege forhold på Vikedal Motorbane skapte dramatikk i klubbmeisterskapen til NMK Vikedal laurdag.

I a-finalen for seniorane ved det Stian Espevoll som var raskast i starten med si spesielle boble med Toyota-motor. Oliver André Matre frå Fitjar slo følgje hakk i hel, føre tre blad frå familien Østbø, nemleg far Per-Gaute med sønene Sølve og Sigbjørn.

Men i andre sving sklei Espevoll ut, og måtte sleppa forbi seg Matre og til slutt heile familien Østbø. Og slik heldt stillinga seg, skriv Svein Erik Østbø for NMK Vikedal i ei pressemelding.

Bobla til Matre heldt heilt til mål, og dermed vart den han som kunne løfta vandrepokalen i år.

Les også:Fitjarbuar på startstreken

I bilcross junior var det Daniel B. Finnvik som til slutt tok sigeren, føre Sondre Åsheim på andreplass og Ingrid Dybvik Jensen på tredjeplass.

Theodor Reimers til topps i MX 85 framfor Morten Reimers og Kristian Halleraker.
Theodor Reimers til topps i MX 85 framfor Morten Reimers og Kristian Halleraker. Foto: NMK Vikedal
Kjetil Nilsen var suveren i MX 125+, men køyrer òg med litt større motor enn dei andre. Åsmund Holten og Knut Stian Bjørkhaug kom nærast.
Kjetil Nilsen var suveren i MX 125+, men køyrer òg med litt større motor enn dei andre. Åsmund Holten og Knut Stian Bjørkhaug kom nærast. Foto: NMK Vikedal

Motocrossklassen 85 ccm køyrde berre ein omgang på grunn av ein del overvatn i nokre svingar, melder arrangøren.

Theodor Reimers vann framføre slektningen Morten Reimers og Kristian Halleraker. Førstnemnde har delteke i alle rundane i Vestlandsmesterskapet i år, og sikra seg fjerdeplass samanlagt der.

I klassen 125+ ccm var det Kjetil Nilsen som vann klart begge heata. Åsmund Holten sikra seg andreplassen i begge og andreplass samanlagt. Knut Stian Bjørkhaug tok tredjeplassen framfor Geir Utaaker.

Les også:Strand blei slått av unggut