Folkefest: Dei to føregåande utgåvane av Sunnhordland maraton har vore reine folkefestar. Årets versjon blir annleis. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Fleire har meldt seg på virtuelt maraton – fristen nærmar seg

Årets Sunnhordland maraton blir spesiell.

Friidrettsgruppa i Stord IL bestemte seg for å vera kreative då koronapandemien sette kjeppar i hjula for årets Sunnhordland Maraton. I staden for å avlysa har arrangøren no opna for spesialopplegg.

– Dette fungerer på den måten at så lenge ein har GPS på klokka si, så kan ein springa ein tilsvarande distanse og lasta det inn i EQ timing etterpå. Alle som spring same distansen vert registrert i den same resultatlista. Ein kan også lasta inn tida si manuelt, og ein må altså ikkje halda seg til det som er løypene under Sunnhordland Maraton, har maratonsjef Tom Erling Kåbø tidlegare forklart.

Les også
Klart for virtuelt Sunnhordland Maraton

Kårbø seier til Sunnhordland laurdag at fleire har meldt si interesse for det spesielle løpet, mellom anna fleire sterke løparar som har vist seg att i resultatlistene tidlegare.

– Sidan det tek litt tid å produsera medaljen og senda han ut til deltakarane i etterkant, set me frist innan onsdag kveld/midnatt for dei som ønskjer å bestilla deltakarmedalje med påmeldinga. Elles vil påmeldinga vera open fram til søndag 25. mai for deltaking, seier Kårbø.

Les også
Kim (35) sprang halvmaraton på eit plattformdekk (!)

Du kan lesa meir om opplegget for det virtuelle løpet på nettsidene til Sunnhordland Maraton.

Løpet gjekk av stabelen for første gong i mai 2018 og er eit samarbeid mellom Stord IL friidrett og Mediehuset Sunnhordland.

Les også
Idrettsspeaker Runar Øvrebø saknar dette