Gåve: No er det klart at Sparebankstiftelsen SR-Bank gjev 500.000 til ny ishall på Stord. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

Gjev ein halv million til ny ishall

Sparebankstiftelsen SR-Bank offentleggjorde torsdag at dei gjev 500.000 i gåve til prosjektet.

– Det er med stor glede at me kan bidra til å leggja til rette for idrettsaktivitetar i lokalmiljøet. Stord Idrettslag er eit av mange idrettslag som har fokus på aktivitetstilbod retta mot barn og unge, og dette prosjektet gjev eit løft til heile regionen. Dette er eit flott prosjekt som me er glade for å kunna bidra til å realisera, uttalar dagleg leiar Tor Dahle i Sparebankstiftelsen SR-Bank i ei pressemelding.

Sparebankstiftelsen SR-Bank skriv at bakgrunnen for at dei gjev Stord Idrettslag pengegåva, er eit stort behov for at det blir gjort noko med det eksisterande anlegget.

– På Stord blei det i 2001 opna eit regionsanlegg for vinteraktivitet på is. Det er ein 250 meter rundbane og den første i sitt slag i Norge. Gjennom ein mørk og ofte våt vestlandsvinter er tilbodet for uorganisert fysisk aktivitet avgrensa. Med dei klimatiske utfordringane dei siste åra, har det vist seg svært vanskeleg å leggja is og opna banen før seint i desember, står det i pressemeldinga.

Les også
Sjå idrettslaget sine planar for Vikahaugane

Dei viser til at ein i praksis difor har hatt ei brukstid på ca. 2,5 månader.

– No ønskjer Stord Idrettslag hall over anlegget for å auka brukstida og gje betre fasilitetar generelt sett. I tillegg vil det leggjast kunstgrasbane for 7'ar-fotball og i tillegg blir det lagt eit 250 meter rulleskøytedekke, melder Sparebankstiftelsen SR-Bank.

Lokal banksjef Hans Ola Røksund er stolt over at dei i vår lokalt kan overrekkja totalt kr 1.025.000 til 11 gåvemottakarar i Sunnhordland (Stord, Bømlo og Fitjar) på vegner av Sparebankstiftelsen SR-Bank. Gåvene som blir gitt kjem frå utbytte som stiftinga får for sine aksjar i Sparebank 1 SR-Bank ASA. Røksund kjenner godt til planane til Stord Idrettslag og betydninga av prosjektet.

– Me er ein stolt samarbeidspartnar med Stord Idrettslag og dette prosjektet er viktig ved at det gjev eit auka og nytt tilbod knytt til både organisert og uorganisert aktivitet heile året. Ein innandørs rulleskøytebane vil vera den einaste i Norge og ein av få i Europa, og både ishall med tak, kunstgrasbane og rulleskøytedekke vil gje glede til mange barn og unge, seier Røksund.

Les også
Slik blir ishallen på Vikahaugane