Til Stord: Danske Sebastian Bjørn Steffens tek over som trenar for damelaget frå 1. juli. Foto: Stord handball

Her er den nye trenaren for damelaget

Danske Sebastian Bjørn Steffens (28) har signert treårskontrakt med Stord.

Steffens kjem frå Midtjylland i Danmark, men har budd i Bodø dei seks siste åra. I dag blei han presentert som ny Stord-trenar.

– I Bodø har han vore hovudtrenar og assistenttrenar for Bodø sitt herrelag, og har trent aldersbestemte lag i klubben. I tillegg har han jobba på handballinja til NTG Bodø (Norges toppidrettsgymnas). Steffens erfaring er såleis ein svært god match med til Stord handball sin strategi om å byggja klubben frå ungdomslaga og oppover, skriv klubben i ei pressemelding.

Les også
Koronakrisa har skremt bort spennande trenarkandidatar

Steffens skal ha hovudansvaret for damelaget rekrutt- og J16-gruppa. I tillegg skal han jobba med å følgja opp trenarane i klubben, ha treningar for aldersbestemte lag og ha utviklingsansvar for jente- og damesida.

Steffens startar i stillinga 1. juli og har skrive ein treårskontrakt.

Bjarte Epland har fram til no vera trenar for damelaget til Stord.

Les også
No blir Jostein «nabo» med verdskjent krimhelt