Foto: Tuva Åserud

Asbjørn (7) lærte triksing av verdsmeister

Laurdag var det avspark i Solid Kiwi Bama Cup på Nysæter.

Publisert: Oppdatert:
Foto: Tuva Åserud

På Nysæter idrettspark er det mykje folk. Ein del av dei har samla seg i ein stor sirkel, medan andre spelar fotball.

I midten av sirkelen sit Adrian Krog (28) frå Oslo og triksar med ball.

Foto: Tuva Åserud

Krog er verdsmeister i fotballtriksing og har komme til Stord i anledning cupen som IL Solid arrangerer, for å visa kva han kan.

Foto: Tuva Åserud

Asbjørn Isdahl (7) frå Fitjar får opplæring av Krog til å balansera ballen mellom skulderblada.

7-åringen synest det er gøy å få læra triksing og å spela kampar.

– Triksing er kult og eg likar godt å spela fotball, seier Isdahl.

Foto: Tuva Åserud

Grethe Fadnes i IL Solid fotball synest det er heilt fantastisk å sjå alle dei som har møtt opp på cupen.

– Me har fått rykte på oss for å vera ein kjekk cup, seier Fadnes.

– Det er viktig at ungane som kjem skal ha ei god og trygg oppleving.

Foto: Tuva Åserud

På ein bane spelar Fana IL mot IL Trott. Her er Leona Amore Kvamme Haugvik (7) i duell med Hedda Krohn Knudsen (8).

– Det gjekk veldig fint, seier Kvamme Haugvik.

Kampen enda 2-2.

Foto: Tuva Åserud

– Det var veldig gøy, seier målscorar Bjørnar Sortland Servan (8) frå Bremnes IL.

Han og laget har akkurat vunne 3-0 over motstandar Victor Korttila Haugen (8) og resten av IL Trio frå Husnes.

Foto: Tuva Åserud

Det er 185 lag med på cupen, som går føre seg laurdag og søndag denne helga.

– Dei kjem hovudsakeleg frå Sunnhordland, men og frå Kopervik i sør, Sotra i nord og Sauda innover i landet, opplyser Fadnes.