Foto: Tuva Åserud

Sebastian (7) vann over tvilling­broren

Sjå bileta frå Superløpet og barneløpa.

Foto: Tuva Åserud

Laurdag formiddag sprang Svein Hellige Gullhaug (41), som hadde komme langvegsfrå for å delta på Superløpet saman med kompisane.

Foto: Tuva Åserud

– Det var veldig kjekt, seier Inge Kjelle (44, bakarst) etter å ha kryssa målstreken.

Foto: Tuva Åserud

Etter dei hadde sprunge fekk alle medalje på scena.

Foto: Tuva Åserud

Rett etter Superløpet var det allereie stappfullt ved startstreken.

Foto: Tuva Åserud

Barna strøymde til for å vera med i barneløpa. Først var det løp utan foreldre, så var det med foreldre­følge.

Medan dei venta på start spelte DJ-en «Badebussen» av Kjartan Lauritzen.

– Det går snipp, snapp, snute, eventyret er ute, song ungane.

Midt i mengda stod Tobias Nordtveit Leivestad (7), som var først i mål i fjor.

Speaker Runar Øvrebø dansa litt til «Badebussen» han òg.

Foto: Tuva Åserud

Så gjekk endeleg startskotet.

Foto: Tuva Åserud

Sebastian Nordtveit Leivestad (7), tvillingbroren til Tobias, sprang alt han kunne og kom først i mål.

– Det gjekk veldig fint. Eg har sprunge her før, men då vann eg ikkje, seier han etter målgang.

Foto: Tuva Åserud

Alle gjorde ein god innsats.

Foto: Tuva Åserud

Til slutt fekk alle medaljar, som fortent.