annonse

Iversen teken ut i landslagstroppen

På landslaget
På landslaget: Einar Iversen er med i den norske G18-troppen som dreg til Danmark i starten av september. (Foto: EVERTON FC/ARKIV)
Den komplette troppen ser slik ut:

G18-landslaget skal spela turnering i Danmark.

Kjetil Østrem

Everton-spelaren Einar Iversen blei tysdag teken ut i den norske G18-troppen, til ei turnering i Danmark i september. Norge møter Sverige 6. september, og anten Wales eller Danmark tre dagar seinare. Landslagstrenar Pål Arne Johansen er nøgd med troppen sin.

– Denne gjengen viste seg frå ei svært god side då me vann turneringa i Lisboa i juni, etter å ha slått både Portugal og Japan. Det låg mykje råskap og samhald bak den turneringssigeren. No hevar me lista endå eit hakk, seier Johansen til NFF sine heimesider.

Einar Iversen var tiltenkt ein plass i den troppen, men måtte stå over grunna skade.

– Konkurransen om plassane er tøff i dei fleste posisjonane, inn mot førebuingane til Ope Nordisk Meisterskap i Danmark litt seinare, seier Johansen.

Les også: Everton tilbyr proffkontrakt til Einar Iversen (17)

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut