Einar Iversen er med i den norske G18-troppen som dreg til Danmark i starten av september.
Einar Iversen er med i den norske G18-troppen som dreg til Danmark i starten av september. Foto: EVERTON FC/ARKIV

Iversen teken ut i landslagstroppen

G18-landslaget skal spela turnering i Danmark.

Everton-spelaren Einar Iversen blei tysdag teken ut i den norske G18-troppen, til ei turnering i Danmark i september. Norge møter Sverige 6. september, og anten Wales eller Danmark tre dagar seinare. Landslagstrenar Pål Arne Johansen er nøgd med troppen sin.

– Denne gjengen viste seg frå ei svært god side då me vann turneringa i Lisboa i juni, etter å ha slått både Portugal og Japan. Det låg mykje råskap og samhald bak den turneringssigeren. No hevar me lista endå eit hakk, seier Johansen til NFF sine heimesider.

Einar Iversen var tiltenkt ein plass i den troppen, men måtte stå over grunna skade.

– Konkurransen om plassane er tøff i dei fleste posisjonane, inn mot førebuingane til Ope Nordisk Meisterskap i Danmark litt seinare, seier Johansen.

Les også:Everton tilbyr proffkontrakt til Einar Iversen (17)

Rasmus Sandberg - Rosenborg

Andreas Smedplass - Kongsvinger

Leo Cornic - Bærum

Eivind Helgesen - Sogndal

Sturla Ottesen - Kjelsås

Ole Martin Kolskogen - Åsane

Bjørn Mæland - Odd

Josef Baccay - Lillestrøm

Kristoffer Askildsen - Stabæk

Sivert Mannsverk - Sogndal

Joshua Kitolano - Odd

Mathias Kjølø - PSV Eindoven

Thomas Rekdal - Mainz 05Einar Iversen - Everton

Emil Konradsen Ceide - Rosenborg

Kornelius Normann Hansen - Southampton

Edvard Tagseth - Rosenborg

Fredrik Oppegår - PSV Eindoven

Noah Holm - RB Leipzig

Mustapha Fofana - Strømsgodset