Tom Erling Kårbø (30) sprang tysdag ettermiddag i eit VM i friidrett for første gong. Det enda med ny, personleg rekord.
Tom Erling Kårbø (30) sprang tysdag ettermiddag i eit VM i friidrett for første gong. Det enda med ny, personleg rekord. Foto: NRK/screenshot

Kårbø med personleg rekord

Tom Erling Kårbø sprang inn til ein 11. plass plass i første forsøksheat i VM i friidrett.

Kårbø sprang inn på tida 8.27,01, i første forsøksheatet tysdag ettermiddag.

Det er ny personleg rekord, men var likevel ikkje nok til finaleplass.

Kårbø betra sin eigen rekord med 66 hundredel.

30-åringen gjekk ut roleg, og la seg på halen av feltet.

Den første kilometeren vart unnagjort på rundt 2,45, og Kårbø hadde ikkje problem å hengja med feltet. Men halvvegs i løpet vart dei ei lita luke, og Kårbø sleit med å få kontakt. Han vakna litt på slutten, men det vart for langt fram.

Trass i personleg rekord må vår lokale representant truleg sjå langt etter ein VM-finale.

I intervjuet med NRK etter løpet sa Kårbø at han var godt nøgd.

- Dei gjekk ut hardare enn eg hadde trudd, så eg prøvde å halda mitt eige tempo, og håpa å plukka litt på slutten. Men eg låg litt for langt bak, sa Kårbø.

Uansett er det ei historisk bragd at ein utøvar frå Stord IL si friidrettsgruppe deltek i VM, og med personleg rekord er det ein godkjent VM-debut, noko også NRK sine kommentatorar er samde i.

magne@sunnhordland.no