Sprek: Trine Gravdal i fint driv på 10 km, rundt Ådlandsvatnet på Sunnhordland Maraton 2019. Årets maraton blir utan folkefest. Foto: Jone Stavland

Klart for virtuelt Sunnhordland Maraton

– Me håpar å motivera folk til å komma seg ut i løypene, seier Tom Erling Kårbø i Stord Friidrett.

Etter at folkefesten Sunnhordland Maraton vart avlyst tilbake i mars, har friidretten jobba med å få til eit alternativ for løpsglade sunnhordlendingar. No er dei komme i mål med eit opplegg dei håpar folk vil nytta seg av. Dei som vil kan no melda seg på ei virtuell utgåve av løpet, der ein anten oppdaterer resultatet sitt via GPS-klokke eller manuelt.

– Folk kan no melda seg på hjå EQ timing, og ein kan velja den av dei fire distansane frå det eigentlege arrangementet som ein er interessert i å leggja ut på, fortel Kårbø.

Les også
Sunnhordland Maraton ber folk sjekka e-posten

– Dette fungerer på den måten at så lenge ein har GPS på klokka si, så kan ein springa ein tilsvarande distanse og lasta det inn i EQ timing etterpå. Alle som spring same distansen vert registrert i den same resultatlista. Ein kan også lasta inn tida si manuelt, og ein må altså ikkje halda seg til det som er løypene under Sunnhordland Maraton. Når det gjeld dei som skal lasta opp resultatet sitt manuelt, så oppmodar me på det sterkaste til å nytta løyper der det er gjort oppmåling. Til dømes løypene i Sunnhordland Maraton, Bruløpet eller på ein friidrettsbane, forklarer han vidare.

Tillitsbasert

– Det er jo ein føresetnad at folk er ærlege her når me ikkje har folk i løypene for å sjå på dei som spring. Me har jo heller ingen garanti for at folk ikkje syklar ei løype og lastar opp ei mykje betre tid frå klokka si, men på bakgrunn av dette legg me heller ikkje opp til premiar for dei raskaste. Det vert deltakarmedaljar til dei som ynskjer det, då må ein tinga det i samband med påmeldinga hjå EQ timing, utdjupar Kårbø.

Les også
Kim (35) sprang halvmaraton på eit plattformdekk (!)

Den virtuelle utgåva av Sunnhordland Maraton er ikkje noko som vil erstatta folkefesten i løypene, og ikkje minst i Leirvik sentrum, på det som skulle vore løpsdagen. Friidrettsgruppa i Stord IL har likevel meint det er viktig å komma opp med eit tilbod til folk i ei tid som for mange vert litt einsformig, og der ein manglar mange av dei fritidstilboda ein har til vanleg.

Spent arrangør: I tillegg til å vera toppløpar, legg også Tom Erling Kårbø til rette for at Sunnhordland Maraton blir ein realitet. Også under koronakrisa. Foto: Eirik Strømme Spjeld

– Me håpar og trur at dette skal vera eit alternativ for folk og eit lite lyspunkt å jobba mot. Det er jo spesielle tider me er inne i, men det å springa kan jo folk driva med utan å samla seg i for store grupper. Påmeldingsavgifta er berre 50 kroner, rett og slett for å dekka utgiftene hjå EQ timing, medan det kostar 100 kroner ekstra for dei som vil tinga deltakarmedalje. Den vert eventuelt pakka og sendt heim til dei som ynskjer det, seier Tom Erling Kårbø, som håpar at folk finn den digitale deltek-knappen.

Nøkternt mål

– Me forstår at det ikkje vert like mange med som under det ekte løpet, men når me eit tal på mellom 100 og 200 deltakarar trur eg me skal vera nøgde. Me håpar dette skal vera eit lågterskeltilbod, det er enkelt å hiva seg med og folk kan springa når det passar for dei, seier han.

Den virtuelle utgåva av Sunnhordland Maraton vert avvikla frå 25. til 31. mai. Med eit vindauge på éi veke reknar ikkje friidrettsgruppa med at det skal vera fare for opphopingar av folk i dei lokale joggeløypene.

Kårbø minner om at ein slepp lisens for å springa maraton, då det er eit virtuelt løp.

Sunnhordland Maraton er som tidlegare eit samarbeid mellom Stord Friidrett og Mediehuset Sunnhordland.

Artikkelen held fram under annonsen.

To ulike løp

– Eg må få presisera at det virtuelle løpet blir uavhengig av det vanlege løpet, understrekar maratonsjef Tom Erling Kårbø i Stord IL friidrett.

Deltakarar som var påmeldt på den originale maratonfesten lyt framleis ta stilling til om dei ønskjer å overføra plassen sin til 2021-utgåva, eller om dei ynskjer refusjon for det avlyste løpet.

Les også
Sunnhordland Maraton i bilete