FÅR SPELA: Frå 15. juni kjem det nye reglar for idrett for dei under 20 år. Då vil mellom anna barnefotball starta opp igjen. Men kva tid det vert kampar, er ikkje avgjort enno. Dette biletet er frå Puttefestivalen. Foto: Henrik Mundal Andreassen

No skal ungane få lov å spela fotball igjen

Frå 15. juni mjukar regjeringa opp smittevernreglane for fotball og andre idrettar for barn og unge.

– Til liks med Norges idrettsforbund har eg vore oppteken av å opna breiddeidretten så raskt som mogeleg. Difor er det veldig gledeleg å kunna seia at barnefotballen, og dessutan andre barneidrettar med avgrensa fysisk kontakt, startar opp igjen frå 15. juni. Då går ein bort frå éinmetersregelen, seier kulturminister Abid Raja (V) til VG.

Frå 15. juni kan dermed alle under 20 år drive idrett med såkalla «avgrensa fysisk kontakt» på vanleg vis utandørs.

Raja seier at dei vil komma tilbake til om dei òg skal mjuka opp reglane for kampar.

Les også
– Skal du bli god i fotball så må du spela veldig mykje. Men utan å ha det gøy så er du sjanselaus