AKTIV: Tom Erling Kårbø sjonglerer slutten av løpssesongen på ulike stemne og planlegging av Sunnhordland maraton 2021 om dagen. Sist helg vart han noregsmeister for sjette gongen, og tysdag greidde han EM-kravet på 3000 meter hinder. Foto: Vidar Hope

Over 400 har meldt seg på Sunnhordland maraton. Sjå kven dei er her

Om éi veke brakar det laus med løpsfest i og rundt Leirvik sentrum.

– Me har sett ei grense på 600 deltakarar denne gongen, som er halvparten av talet me hadde i 2019, seier Tom Erling Kårbø i Stord IL friidrett.

Så langt har dryge 400 meldt seg på. Kårbø seier det erfaringsmessig tikkar inn fleire påmeldingar når det nærmar seg løpsdag.

Sunnhordland maraton blir avvikla i Leirvik sentrum samstundes som Stord kommune sitt arrangement, Folk i sentrum, går av stabelen. Det ligg med andre ord til rette for folkefest i sentrum kommande laurdag.

Her kan du sjå kven som har meldt seg på løpet.

SUNNHORDLAND MARATON

Eit løp arrangert av Stord IL friidrett som gjekk av stabelen for første gongen i mai 2018. Den gong stilte 515 løparar til start på dei ulike distansane.

I 2019 var det heile 1.200 påmeldte på løpet som startar og sluttar i Leirvik sentrum.

I 2020 blei løpet avlyst som følgje av koronapandemien.

Laurdag 25. september 2021 blir Sunnhordland maraton arrangert for tredje gongen, etter å ha blitt utsett frå vår til haust grunna pandemien.

Tom Erling Kårbø er ein travel mann om dagen. Sist helg tok han sitt sjette NM-gull på 3000 meter hinder i Kristiansand. Tysdag var han i Zagreb og sprang inn på imponerande 8.28.26, noko som med god margin er under kravet til EM neste år. Han fekk også inn mange rankingpoeng, noko som gjer at VM-deltaking året etter er i rekkevidd.

I dag spring Kårbø 3000 meter under det internasjonale stemnet Trond Mohn Games på Fana stadion. Fleire Stord IL-utøvarar er med: Pernilla Eugenie Epland på 3000 meter, Johannes Sandvik Bø på 800 meter og Marius Torbjørnsen i høgde.

LØYPEREKORDAR, SUNNHORDLAND MARATON

Menn

5 km: 17:56 – Harald Kårbø (2019)

10 km: 34:43 – Lars Lunde (2019)

Halvmaraton: 1:17:18 – Thomas Finshus (2019)

Maraton: 2:59:37 – Kim Laitinen (2018)

Kvinner

5 km: 21:02 – Marie Eide Roalkvam (2019)

10 km: 40:23 – Monika Vassbø (2019)

Halvmaraton: 1:34:39 – Ingeborg Barth Vedøy (2018)

Maraton: 3:37:02 – Gro Anita Aartun Imsland (2019)