FERDIG MED JOBBEN: Stord Fotball er ferdig med å byta ut 800 tribuneseter med heilt nye seter på Stord stadion. Foto: Stord Fotball

Så sliten er han etter at 800 nye tribuneseter er på plass

No ventar Stord Fotball berre på sesongstart.

Dei siste vekene har staben i Stord Fotball arbeida med utskiftinga av 800 tribuneseter på Stord stadion.

– No står tribunen mot grasbanen endeleg klar til bruk! Me gler oss til seriestart, når han enn måtte komma, melder Stord Fotball på Facebook.

Les også
Trenaren trur at sesongen kan bli spylt ned i toalettet

– Ta med dykk lunsjen, hald avstand, men nyt dei nye seta våre. Ta vare på kvarandre no, held fotballklubben fram.

Årsaka til utskiftinga er at dei gamle plastsetene var slitne av vêr og vind, og var vanskelege å reingjera.

Les også
Seteskifte på tribunen