Sofie Skard etter å ha vunne 80 meter hekk på laurdag.
Sofie Skard etter å ha vunne 80 meter hekk på laurdag. Foto: Sigbjørn Skard

Sofie (15) var raskast

Stord IL sine friidrettsutøvarar viste seg fram på Karabinlekene på Fana stadion.

Julian Skimmeland Aasheim (16) sprang 400 meter hekk i 17-årsklassen for å sjekka ut korleis han låg an i forhold til kravet til EYOF. Han sprang inn til tida 57,30 s, som er ny personleg rekord, og det heldt til andreplass på distansen. Tida var eit lite stykke bak kravet på 55,90, men han får ein ny sjanse førstkommande helg i Haugesund på Mailekene.

Sofie Skard (15) vann høgde med resultatet 1,47 m og 80 m hekk (76 cm) med tida 12,97 s som er ny personleg rekord, der den gamle persen var på 13,17 s. På 60 meter sprang ho inn til fjerdeplass med tida 8,61 s. Eirik Natvik (14) sprang inn til tredjeplass på 200 meter med ny pers på 25,39 s, som er ei forbetring frå 26,10 s. Det melder trenar Nils Hetleflåt.